Barnehagemynde i Etne kommune

Etne kommune er lokal barnehagemynde og skal sjå til at alle barnehagane i kommunen vert drivne i samsvar med lover og forskrifter. Kommunen fører tilsyn med både kommunale og private barnehagar. Barnehagemynde har tre verkemiddel til disposisjon; rettleiing, tilsyn og godkjenning.

Barnehagen skal leggja eit godt grunnlag for utvikling og læring hos borna. Målsetjinga er å skapa ein trygg barnehage der born kan leika og læra. Barnehagelova stiller krav til barnehageeigarane for å sikra at alle born i barnehagen får eit minimumstilbod.
Barnehagemynde har rettleiingsplikt og skal hjelpa barnehagane med å oppfylla krava i barnehagelova.
Barnehagemynde kan påleggja barnehagar å retta opp forhold som er uforsvarlege eller ulovlege. Målet er å sikra at barnehagane overheld lover og forskrifter, og at borna får eit tilbod av høg kvalitet.

Oppgåvene til barnehagemynde

Barnehagemynde har som oppgåve å fatta vedtak om godkjenning av barnehagar, behandla søknader om dispensasjonar, finansiera private barnehagar samt andre myndeoppgåver som følgjer av barnehagelova med forskrifter som vedtak om spesialpedagogisk hjelp, vedtak om tilretteleggjing for born med nedsett funksjonsevne, barnehageopptak, vedtak om redusert foreldrebetaling m.m.

Barnehagemynde kan gje pålegg om å retta opp ulovlege eller uforsvarlege forhold ved godkjende eller godkjenningspliktige verksemder. Avgjerda om å gje pålegg om å retta opp uforsvarlege forhold skal tryggja at born har trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagane.

Å sjå til regelverksetterleving inneber både ein aktivitet for å vurdera risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ei plikt til å bruka verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i samsvar med regelverket.

Er du bekymra for eller misnøgd med tilbodet i barnehagen?

Du bør som hovudregel ta opp bekymringa eller klagen med pedagogisk leiar eller styrar, før du eventuelt sender den til barnehagemynde. Å løysa ei sak på lågast mogleg nivå er føremålstenleg for alle involverte partar. Det er leiinga i barnehagen som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeida med alle foreldre og føresette.

Dersom det gjeld generelle forhold i barnehagen, kan du ta opp problemstillinga i samarbeidsutvalet i barnehagen. Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval som er sett saman av representantar for foreldre og tilsette. Saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen, kan leggjast fram for barnehagen sitt samarbeidsutval (SU).

Dersom dette ikkje løyser problemstillinga, kan du ta kontakt med barnehagemynde i Etne kommune.

Dagfinn Garnes-Johnsen
- barnehagemynde -
Tlf 53 75 81 25
E-post: dagfinn.garnes-johnsen@etne.kommune.no

Kontaktinformasjon

Dagfinn Garnes-Johnsen
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 75 81 25