Rutine for praksis ved gudsteneste i regi av skulen

Formål 

Denne rutinen har som mål å sørgje for at praksisen i Etne kommune tar i vare lov- og regelverket som gjeld for våre barn og unge.

Lov- og regelverk 

Utdanningsdirektoratet sin rettleiar om gudstenester i skuletida heimlar at skulen kan gjennomføra gudstenester som ein del av sin generelle kultur- og tradisjonsformidling. Gudstenesta kan ikkje vera ein del av KRLE-faget.

Følgjande punkt er gjeldande: 

  1. Skulegudstenester haldast i tråd med den nasjonale rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet. 
  2. Det skal alltid vera eit likeverdig tilbod til skulegudstenesta. 
  3. Skulegudstenesta skal ikkje vera som ein semesteravslutning. Avslutningsarrangement skal haldast på skulen slik at alle kan delta.  
  4. Skulen skal gi informasjon til alle foreldra i god tid dersom skulen ynskjer å tilby elevane å delta på skulegudsteneste. Samtidig skal skulen gi informasjon om det likeverdige tilbodet til elevane som ikkje ynskjer å delta på gudsteneste.

Fritak 

Opplæringslova § 14-6 regulerer dei tilfella kor ein elev ynskjer å søkja fritak frå deler av undervisinga av religiøse årsaker. Dette til dømes fordi dei ut frå eigen religion eller livssyn opplever undervisinga som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. I lova står det at det ikkje er naudsynt å grunngi fritak i dei nemnde tilfella. Fritaksadgangen er å sjåast på som å ha låg terskel. Foreldra, eller den enkelte elev, dersom han eller ho er over 15 år, kan også melda om fritak frå deltaking i gudstenester. Fritak omfattar og øving til deltaking på gudstenester. Det er ikkje naudsynt å grunngi melding om fritak.