Politikontakt

Politikontakten skal vera det primære bindeleddet mellom kommunen og politiet.

KONTAKT

 

Hovudoppgåver og spesielle fokusområde

  • Politikontakten skal styrkja det eksisterande førebyggjande arbeid som alt er etablert og vera ein del av resten av det kriminalitetsførebyggjande arbeidet i kommunen.
  • Politikontakten skal vera eit av dei viktigaste kontaktpunkta mellom politi, publikum og dei ulike aktørane i kommunen.
  • Politikontakten skal fungera som politiets kontaktpunkt for det førebyggande arbeidet i distriktet. Han skal så langt ressursen tillét det, vera med i det praktiske arbeid som for eksempel foredrag i skular.
  • Politikontakten skal gi råd om og sjå til at kriminalitetsførebyggjande metodar og tiltak vert rett brukt i kommunen.
  • Politikontakten skal være pådrivar i arbeidet med politiråd. Her skal han ha særleg ha fokus på oppfølging  av avtalar og planar.
  • Politikontakten skal delta aktivt i planlegging og styring av politiet si operative teneste.
  • Politikontakten skal arbeida for å skapa felles oppfatning av problem og mål mellom politi og kommune. Han skal fremja deling av kunnskap og utveksling av erfaring. Vidare skal han presentera politiet sin analyse av kriminaliteten i kommunen i dag og forventa utvikling. Detta må sjåast i samanheng med kommunen sine eigne vurderingar av situasjonen.  Han må difor ha god lokalkunnskap og henta inn etterretning om trendar og utviklingstrekk i lokalsamfunnet samt opplysningar om grupperingar og enkeltpersonar som er inne i ei negativ utvikling.
  • Politikontakten skal etablera kontakt med andre offentlege organ og  myndigheiter, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar m.m med fokus på førebyggjande samarbeid. Han skal ha særleg fokus på kontakt med lokalt  NAV kontor, kommunale helsetenester, skular, interkommunale barnevern og integreringstenesta.