Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande til at det meste fungerer som det skal. Men livet i Noreg er heilt avhengig av straum, vatn og internett – og nettopp der er vi mest sårbare.
Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror og krigshandlingar kan føre til at mange mister straum eller vatn, og det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.
Når samfunnet blir ramma av ei omfattande hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Om vi er mange som er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss under ei hending, kan vi sette inn hjelpa der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.
Vi ber derfor alle husstandar i Noreg om å ta nokre enkle grep for å betre eigen beredskap.
På sikkerhverdag.no finn du meir informasjon om korleis du kan bli betre førebudd på kriser og hendingar.
Sist endret 27.09.2024 08:09