Ny eldstad

Skal du ha inn ny eldstad er det viktig at du melder dette til kommunen.

Kjøp eldstad som dekkjer effektbehovet i bustaden. Anbefalt 60-80 W pr m2. 

Godkjent eldstad skal ha:

  • Bruks- og monteringsanvisning på norsk eller eit anna skandinavisk språk. 
  • CE-merka
  • Godkjenning etter NS EN 13240, 13229, 15250 eller 12815
  • Reintbrennande eigenskapar (jfr utsleppskrav i NS 3059 og 3058)
  • Test utført hjå akredditert selskap for partikkelutslepp

             SP fire (Noreg og Sverige)

             Teknologisk institutt (Danmark)

             Rhein Ruhr Feuerställe (Tyskland)

Er det meldeplikt?

Montering av ny eldstad og vesentlege endringar av fyringsanlegg er meldepliktig ovanfor kommune/feiarteneste.
Skjema finn du her: Melding om installasjon av ny eldstad

Montering av eldstad

Montasje av eldstad krev ingen formelle kompetansekrav til utførande. Montør skal ha kjennskap til gjeldande regelverk for montering av eldstaden. Medfølgjande monteringsrettleiing skal følgjast for installasjonen. Meldingsplikt gjeld for både ny-installasjon og utskifting.   

Referansar:

Forskrift om brannforebygging § 6

Teknisk forskrift (TEK) § 9-10 og § 15-1 og 15,3