Kommunalt vatn

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

KORT FORTALT

  • 4 vassverk
  • Lik fastavgift for alle
  • Forbruk vert stipulert ut ifrå storleiken på huset
  • Vassmålar kan monterast for å betale etter faktisk forbruk
  • Små vassforsyningssystem skal registrerast

 

Etne kommune har 4 vassverk:

  • Etnesjøen
  • Kambe
  • Kyrping
  • Eikanes

Kommunen syt for regelmessig prøvetaking ved dei kommunale vassverka.

Private vassforsyningssystem må registrerast hos Mattilsynet, meir informasjon finn du på mattilsynet.no

Rådgjevar for vatn og avløp, Axel Krüger, tlf. 53 75 82 32 mobil 901 22 536, har med planlegging m.m. av det kommunale vatn- og avløpssystemet.

Alle som er abonnentar på kommunalt vatn og avløp får lik fastavgift. 

I tillegg kjem forbruksavgifta der forbruket vert fakturert ut ifrå storleiken på huset.
Stipulert vassforbruk vert sett til 2 m3 per m2 bruksareal.
Abonnenten kan installere vassmålar, det vert då fakturert for faktisk forbruk.
Vassmålinga må lesast av ein gong i året.

Kommunen sitt gebyrregulativ er basert på sjølvkostprinsipp – som lovverket føreset.

Betalingssatsar

Forskrift om vass- og avløpsgebyr