Avkøyrsel - privat avkøyrsel frå offentleg veg

Omtale

Skal du byggje eller flytte ein avkøyrsel frå ein offentleg veg, må du søkje om løyve. Ein søknad om avkøyrsel blir vurdert med utgangspunkt i trafikktryggleik og transportfunksjonen til vegen. Søknad om avkøyrsel blir behandla av anten av Statens vegvesen eller kommunen. Dette gjeld avkøyrsel som ikkje er del av ei byggjesak. I så fall blir dette behandla i byggjesaka.

Målgruppe

Grunneigarar og utbyggjarar

Kriterium/vilkår

Avkøyrsel er alle tilknytingar mellom offentleg veg og privat eigedom. Som avkøyrsel blir òg rekna tilknytting for fotgjengarar. Avkøyrselen må halde seg til arealdel eller reguleringsplan i kommunen og dei retningslinene som er gjevne av staten og kommunen. Dersom området ikkje er regulert eller det ikkje er planar for avkøyrsel i planen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.

Samarbeidspartnarar

Statens vegvesen

Regelverk

Dersom området ikkje er regulert eller avkøyrsel ikkje inngår i arealdel eller reguleringsplan i kommunen, sjå veglova (§§ 40-43) med forskrifter. Sjå elles plan- og bygningslova § 27-4.



Lovar

Forvaltningsloven
Plan- og bygningsloven
Veglova

Forskrifter
Forskrift om avkjørsel til riksveg
Forskrift om avkjørsler fra offentlig veg

Praktiske opplysninger

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

I søknaden må du blant anna:

  • skrive adressa eller gards- og bruksnummer til eigedomen det blir søkt for.
  • markere kva offentleg veg du ønskjer avkøyrselen skal tilknytast.
  • sjekke om det finst kommune- eller reguleringsplan for området
  • leggje ved ein situasjonsplan for eigedomen som viser:
  1. bygningar
  2. plassering av avkøyrsel med tilknyting til offentleg veg
  3. snuhøve
  4. eventuell biloppstillingsplass
  • gi ei forklaring av kvifor du søkjer om ny eller endra avkøyrsel
  • skrive forventa trafikktal i avkøyrselen og om det er person- eller lastebil som skal nytte avkøyrselen
  • skrive tid dersom avkøyrselen berre skal vere for ein avgrensa periode.

Skjema

Statens vegvesen har lagt ut ein digital søknad som gjeld for riks-, fylkes- og kommunale veger.

Søknad om avkøyrsle

Vedlegg

Situasjonskart der avkøyrselen er teikna inn.

Klagemulighet

Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Dersom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan du klage til Statsforvaltaren. Klagen sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klageinstansen.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Avdeling: Utvikling

Leiar: Eileen Selland