Har du ei sak til FAU?
Det skal vere låg terskel for å ta kontakt med FAU.
Saker kan meldast inn av både elevar og foreldre/føresette. FAU-representanten på trinnet er bindeleddet mellom foreldra på trinnet og FAU, og kan ta saker vidare til utvalet.
Ta gjerne kontakt med FAU-representanten på trinnet, eller FAU direkte, dersom det er noko de ønskjer at FAU skal sjå nærare på.
Trivselsmidlar
FAU har trivselsmidlar som kan nyttast til tiltak som fremjar trivsel, inkludering og fellesskap blant elevane ved Enge skule.
Elevar og føresette kan søkje om støtte til aktivitetar og tiltak. Tiltak med elevmedverknad blir prioriterte.
Meir informasjon om trivselsmidlane, kriterium, søknadsfristar og korleis ein søkjer, finn du på eiga side for Trivselsmidlar.
Kontakt FAU
Har du spørsmål, innspel eller ei sak du ønskjer at FAU skal ta opp?
E-post: FauEngeskule@gmail.com
Referat frå FAU-møte og annan aktuell informasjon frå FAU blir publisert på Enge skule sine nettsider.