Ordninga gjeld for elevar på 1.-4. årssteg
(Forskrift til opplæringslova §§ 1B-1 og 1 B-2)
Pris for ein fulltids SFO-plass er pr. 01.02.2023 kr. 3 215,- for tilbod over 11 mnd og kr. 2 776,- for tilbod over 10 mnd på skuledagar.
Dersom ditt hushald samla tener mindre enn kr. 589 417,- på tilbod over 11 mnd og
kr. 462 667,- for tilbod over 10 mnd, har du krav på redusert foreldrebetaling ved fulltidsplass.
Dersom hushaldet har deltidsplass og prisen på denne utgjer meir enn 6% av hushaldet si totale årsinntekt, vil hushaldet ha rett på redusert betaling også ved deltidsplass.
Følgjande inntektsgrenser gjeld ved dei ulike opphalda:
1.-3. klasse inkludert gratis kjernetid
Søknadsfrist
Søknadsfrist for nytt SFO-år er 31. juli. Alle søknader som er mottekne innan denne fristen, vil gjelda heile SFO-året, altså frå 1. august.
Søknader som kjem inn etter fristen, vert behandla etter kvart som dei kjem inn, og vedtak om redusert foreldrebetaling er gyldig frå den første heile månaden etter at kommunen får søknaden og gjeld for eitt SFO-år.
Slik søkjer du:
Dokumentasjonskrav for inntektsutrekning er skattemeldinga for det siste året.
Dokumentasjonskrav for inntektsutrekning er skattemeldinga for det siste året.
Dersom du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på skattemeldinga som er fylt ut på førehand, skal desse vera dokumenterte. Skattepliktige kapitalinntekter er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte, vinst ved sal av eigedom og lausøyre, leigeinntekter, bruksrettar i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigendelar.
Etne kommune hentar informasjon direkte frå Skatteetaten.
Dersom førre skattemelding stemmer med noverande inntekt, treng du ikkje senda dokumentasjon.
Dersom det nyleg har vore endringar i økonomien i hushaldet og som ikkje er likt med den førre skattemeldinga, skal dei vera dokumenterte med annan dokumentasjon av skattepliktig inntekt.
Døme på slik dokumentasjon kan vera:
- Lønsslipp (stadfesting frå arbeidsgjevaren på brutto månads-/årslønn)
- Trygdeutbetalingsblankettar
- Fødselspengar
- Pensjonar
- Arbeidsløysetrygd
- Studentbevis/stadfesting på skuleplass
Søknad med vedlegg sender du via: Søknadsskjema
Hugs at søknaden må sendast til den kommunen barnet er folkeregistrert.
Treng du hjelp, kan du ta kontakt med skulen eller med resepsjonen på Tinghuset.