Elev- og undervisningsinstruks

  • Undervisningsåret i kulturskulen følgjer grunnskulen si skulerute.
  • Elevplassen gjeld heile skuleåret. Dersom ein seier opp elevplassen må ein betale ut halvåret. 
  • Etne kulturskule verdset livslang læring, og alle aldersgrupper er velkomne til å søkja hjå oss. Ved venteliste vil grunnskuleelevar bli prioriterte. 
  • Dersom ein må vera borte frå undervisninga, skal heimen freista å gje læraren melding
  • Nytt av 2023: Dersom ein ynskjer å behalde elevplassen sin neste skoleår så må ein re-registrere seg. Dette gjer ein ved hjelp av brukaramn og passord på noetne.speedadmin.dk. Ein vil få skriftleg varsel om frist for re-registrering.
  • Konsertdeltaking, framføringar og utstillingar er ein integrert og naturleg del av kulturskulen sitt totale tilbod.
  • Elevpengane vert kvart år fastsett av kommunestyret. For noverande takst, sjekk under fanen "Betalingssatsar" her på sida. 
  • Etne kulturskule tek atterhald om at det kan komme endringar i personalsituasjon og timeplanar gjennom skuleåret eller i overgang til nytt år.
  • Det vert ikkje gjeve frådrag for timar som eleven ikkje nyttar, og læraren er ikkje pliktig til å ta att slike timar. Ved sjukdom over lengre tid og ved fråflytting, vil rektor vurdera reduksjon i kontingenten.
  • Elevar som sluttar i skuleåret av andre grunnar, lyt betala full kontingent.
  • Notemateriell og dyrare arbeidsmateriell som eleven får bruk for, lyt han betala sjølv.
  • Elevplass på drama- og bildande kunst-tilbodet, medfører gebyr for bruk av forbruksmateriell.
  • Dei som leiger eit instrument frå kulturskulen, pliktar å ta godt vare på det