Fysioterapi

Du kan få hjelp frå fysioterapeut for å førebygge og for å behandle sjukdom og/eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. 
Du treng ikkje henvisning frå lege for å gå til fysioterapeut.

Etne fysioterapi og trening tek i hovudsak inn alle som har anledning til å møte opp hos fysioterapeut i Etne. I Skånevik er tilsvarande oppfølging med kommunalt tilsett fysioterapeut. Dersom du har behov for oppfølging i heim, tek du kontakt med kommunalt tilsette fysioterapeutar som tilpassar oppfølginga for deg. Du kan få oppfølging aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim.

Gjennom året tilbyr me ulike gruppetreningar

  • Hjarte- og lungegruppe (tidlegare KOLS-gruppe)
  • Balansegruppe
  • Parkinsongruppe

Me er også opne for andre grupper, så meld gjerne inn behov.
Ta kontakt med fysioterapitenesta dersom du ynskjer meir informasjon/delta på nokon av desse. 

Kontaktinformasjon

Fysioterapi
E-post

Telefon Etne: 53 75 81 55

Telefon Skånevik: 53 75 85 57

Besøksadresse Etne:
Holmavegen 24, 5590 Etne

Besøksadresse Skånevik:
Skånevikvegen 59, 5593 Skånevik

Postadresse: 
Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Fysioterapeutar med driftsavtale ved Etne Fysioterapi & Trening
E-post
Telefon 53 75 67 22

Besøksadresse
Etne Senter
Haukelivegen 997