Helsestasjon

Me på helsestasjonen ønskjer å bidra til ein trygg start og god oppfølging i sped – og småbarnstida. Me legg vekt på ressursane i familien og i nærmiljøet. Me er særleg oppteken av den første tida til barnet i familien og samspel og tilknytning mellom foreldre og barn.

Helsestasjonen er eit lågterskeltilbod der du kan ta direkte kontakt med oss.

Helsestasjonen sitt arbeid skal bidra til:

  • at foreldre opplever meistring i foreldrerolla og styrke samspel og tilknytning mellom foreldre og barn                                                                                                       
  • fremja fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped– og småbarn                                      
  • førebyggje, avverge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt                                    
  • avdekke fysisk og psykisk utviklingsavvik tidleg                                                                
  • bidra til at barn får oppfølging og blir henvist vidare ved behov

Me har oppfølging av sped- og småbarn etter nasjonal fagleg retningslinje og Barnevaksinasjonsprogrammet - FHI 

Faste konsultasjonar:

Faste konsultasjonar:
Alder Kva og kven treff du? Vaksiner
Nyfødt Heimebesøk av jordmor og helsesjukepleiar
2-4 veker Undersøking og rettleiing av Helsesjukepleiar
6 veker Undersøking og rettleiing av Helsesjukepleiar/lege Vaksinasjon jamfør retningslinjer
8 veker Trivselssamtale med fokus på psykisk helse mor
Ca 2 månader Barselgruppe - tema: Motorisk utvikling ved fysioterapeut og samspel ved helsesjukepleiar Vaksinasjon jamfør retningslinjer
3 månader Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar Vaksinasjon jamfør retningslinjer
4 månader Gruppe - tema: Samspel og introduksjon til fast føde ved helsesjukepleiar - og individuell helsekontroll
5 månader Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar Vaksinasjon jamfør retningslinjer
6 månader Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar/lege
Ca 7 månader Gruppe - tema: Tannpleie ved tannpleiar, trygghetssirkel ved helsesjukepleiar
8 månader Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar
10 månader Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar
12 månader Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar/lege Vaksinasjon jamfør retningslinjer
15 månader Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar Vaksinasjon jamfør retningslinjer
17/18 månader Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar
2 år Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar/lege. Språkvurdering
4 år Undersøking og rettleiing av helsesjukepleiar. Syn- og hørselstest og språkvurdering

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
E-post
Telefon 53 75 81 08
Mobil 91 34 49 55

Besøksadresse:
Holmavegen 24, 5590 Etne

Postadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne