Støtte til pårørande - informasjon og vegleiing

Dersom du som pårørande utfører særleg tyngande omsorgsarbeid, har du rett til nødvendig vegleiing og opplæring frå kommunen. Vegleiinga og opplæringa skal gjera deg som pårørande i stand til å ivareta den du yt omsorg til på en god måte og hjelpe deg til å ivareta di eiga helse- og livssituasjon. Du kan få opplæring og vegleiing knytt til sjukdom eller funksjonsnedsetting, for eksempel opplæring i regulering av diabetes eller i kva en demensdiagnose inneber. Det kan også vera opplæring i korleis du bør utføre bestemte arbeidsoppgåver, for eksempel tunge løft eller i stresshandtering. Kommunen skal fatte vedtak når du som pårørande har behov for opplæring og vegleiing som strekker seg over 14 dagar.

Informasjon og vegleiing er for deg som

Alle pårørande har rett til generell vegleiing og informasjon i kontakt med helse- og omsorgstenesta. Men for dei som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid har kommunen ei ekstra plikt.  Det vert mellom anna lagt vekt på om

  • du bruker mange timer per månad på omsorgsarbeid som helse- og omsorgstenesta ville ytt
  • omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • omsorgsarbeidet varer over tid
  • du har omsorgsplikt
  • du har inntektstap

Når du har fått vedtak om informasjon og vegleiing kan du og dine pårørande forventa

  • at tilbodet er avtalebasert, prega av kontinuitet og så langt det let seg gjere tilpassa deg i forhald til tid og stad
  • at vegleiinga kan bli gitt av pasientens/brukarens behandlar eller kontaktperson (etter samtykke frå pasient/brukar), fastlege, koordinator eller andre
  • at vegleiinga har som mål å fremme meistring og forebygge helsesvikt og andre vanskar som følge av pårøranderolla
  • at tilbodet fell vekk når behovet ikkje lenger er der
  • at tilbodet blir vurdert på nytt ved tildeling av andre tenester, og kan endrast eller falle bort

Når du har fått vedtak om informasjon og vegleiing forventar me av deg og dine pårørande

  • at de gir beskjed når behovet ikkje lenger er der
  • at de søkjer om avlasting eller andre tenester, ved særskilt behov eller endring av behov

Økonomi

Informasjon og vegleiing er gratis

Aktuelt regelverk 

Helse og omsorgstjenesteloven § 3-6

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne