Dagaktivitet for heimebuande med demens

Dagaktivitet er for heimebuande med demens, er eit tilbod til deg som har behov for spesielt tilrettelagt aktivitet og sosial deltaking utover eige nettverk. Tilbodet tek utgangspunkt i dine eigne føresetnadar, behov og ynskjer. Det er aktivitetar både innandørs og utandørs, og du blir henta og køyrt heim. Du får og servert middag. Dagaktivitetstilbodet held til i eigne lokale ved Etne omsorgssenter.

Målet med tilbodet er å bidra til å oppretthalda dine daglege funksjonar, gi meiningsfulle dagar, mindre einsemd og meistringsoppleving. For pårørande kan dagaktivitetstilbodet vera ei form for avlasting.

Tilbodet kan falla bort dersom du ikkje nyttar deg av det.

Dagaktivitetstilbod er for deg som

  • bur heime, og har kognitiv svikt eller ein demensdiagnose
  • har nytte og glede av sosialt samvær, stimulering og aktivitet saman med andre
  • klarar deg sjølv med litt tilrettelegging
  • kan gå på toalettet sjølv
  • har pårørande med behov for avlasting

Dagaktivitetstilbod er ikkje for deg som

  • ikkje fungerer i sosialt fellesskap med andre
  • har fått tildelt fast plass på institusjon

Når du har fått dagaktivitetstilbod kan du og dine pårørande forventa

  • at dei tilsette opptrer respektfullt i møte med deg
  • at du får fortløpande individuell vurdering og tilpassa aktivitet
  • at du får tilbod om sosial kontakt, fellesskap og aktivitetar
  • at du blir henta og køyrd heim

Når du har fått dagaktivitetstilbod forventar me av deg og dine pårørande

  • at du viser omsyn til andre deltakarar og dei tilsette
  • at du bidreg til å oppretthalda dine funksjonar slik at du fortset å vera mest mogleg sjølvstendig
  • at du er klar for henting til avtalt tid

Økonomi

Sjå kommunen sitt taksthefte.

Aktuelt regelverk

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne