Helsetenester i heimen - heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som har behov for helse- og omsorgstenester i heimen. Tenesta blir ytt i din eigen bustad heile døgnet, og kan tildelast alle aldersgrupper.

Formålet med tenesta er å gje deg naudsynt og forsvarleg helsehjelp, og bidra til at du skal kunna bu i eigen bustad så lenge som mogleg.

Heimesjukepleie er for deg som

  • har behov for helsefagleg oppfølging i heimen
  • har kortvarig behov for opplæring for å ivareta di eiga helse (døme: støttestrømper, injeksjonar, tekniske hjelpemidlar)

Heimesjukepleie er ikkje for deg som

  • treng akutt medisinsk/kirurgisk og/eller psykiatrisk behandling som blir ytt av lege eller spesialisthelseteneste
  • sjølv kan oppsøkje legekontor for ulike tenester, til dømes sårskift, skift av urinkateter, blodprøvar eller ulike injeksjonar
  • treng medisinsk oppfølging som krev kontinuerleg eller langvarig tilsyn 

Før varig teneste blir tildelt skal tenesta prøva ut eller vurdera

  • tilrettelegging av bustad
  • kvardagsrehabilitering/opplæring
  • velferdsteknologiske eller andre tekniske hjelpemidlar
  • praktisk bistand – personleg hjelp – heimehjelp
  • lågterskeltilbod som støttesamtale eller dagtilbod, samt tilbod frå Frivilligsentralen

Heimesjukepleia kan hjelpa deg med

  • oppfylging av ernæringssituasjon
  • hjelp til personleg hygiene og toalettbesøk
  • hjelp til førebyggjande tiltak, rettleiing og rehabilitering
  • lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Dette blir planlagt i samråd med deg og dine nærmaste.
  • hjelp til handtering av medisinar. Dersom elektronisk medisineringsstøtte er mogleg for deg, vil dette alltid verte vurdert som første val
  • symptomlindring og smertebehandling
  • behov for behandling, observasjon og oppfylging av sjukdom som er tilordna av lege/spesialisthelsetenesta, til dømes:
    • oppfølging av stomipleie, kateterisering og sårstell
    • målingar som temperatur, blodtrykk, puls, blodsukker eller anna.
    • væskebehandling og ernæring intravenøst dersom det kan gis subcutant, via sonde, PEG eller piccline, CVK. (Merk: gis ikkje via PVK)
  • tilsyn til personar med kognitiv svikt eller behov for ekstra trygging i overgangar der ein ikkje kan nytte tryggleiksalarm eller anna sensorteknologi

Når du har fått heimesjukepleie forventar me av deg og dine pårørande

  • at du/de har naudsynt utstyr til å utføra målingar i heimen til dømes blodsukkerapparat og temperaturmålar
  • at du har naudsynt utstyr som reine klede, handkle og personlege hygieneartiklar tilgjengeleg
  • at du sjølv ordnar med følgje ved besøk hos lege/spesialist og andre offentlege kontor samt bestilling/avbestilling/endring av timar til lege, spesialist, tannlege, fotpleie, frisør o.a.

Økonomi

Tenesta er gratis.

Aktuelt regelverk

Brosjyre og tilbod

Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Hjelpetilbud i kommunen

Skjema

Søknad om helse- og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Lise Maria R Mæland
Leiar
E-post
Telefon 53 75 85 58
Mobil 004746897185