Kreftkoordinator

Kreftkoordinator skal sikre oppfølging og støtte til deg som har ein kreftdiagnose og dine pårørande. Kreftkoordinator samhandlar nært med spesialisthelsetenesta og hjelper deg med å samordne tilboda og tenestene dine. Kreftkoordinator har særleg fokus på ivaretaking av barn som pårørande og gir tilbod om undervisning til tilsette. Tenestene som blir gitt av kreftkoordinator kjem i tillegg til eventuell anna oppfølging frå helse- og omsorgstenesta.

Kreftkoordinator er for deg som

  • er under utgreiing eller har fått ein kreftdiagnose eller anna form for palliativ sjukdom.

Når du har fått kreftkoordinator kan du og dine pårørande forventa

  • å få hjelp til samordning dersom du har fleire helsetenester som kontakt med fastlege, sjukehus, heimesjukepleie, tildelingskontor, ergoterapi, fysioterapeut, palliativt team, NAV m.m.
  • å få tilbod om samtalar eller heimebesøk av kreftkoordinator
  • å få oppfølging gjennom alle fasar av sjukdomen og få råd og vegleiing, støtte, informasjon og hjelp til planlegging av vegen vidare
  • å få hjelp til å søke hjelpemidlar for tilrettelegging i eigen heim
  • å få utarbeida ein individuell plan
  • å få tett oppfølging dersom du ønske å døy heime
  • å få tilbod om «etterlatne samtalar» etter dødsfall

Økonomi

Tenesta er gratis.

Aktuelt regelverk

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Unni Nordtveit Jamne
Spesialsykepleier
E-post
Telefon 53 75 81 68
Mobil 41 56 77 70