Kvardagsrehabilitering

Dei aller fleste ynskjer å bu heime og vera mest mogleg sjølvhjelpne. Kvardagsrehabilitering startar difor med spørsmålet: "Kva er viktige aktivitetar i livet ditt no?»

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som treng rehabilitering og førebygging, der målsettinga er auka livskvalitet og eigenmestring i eigen heim.

Kvardagsrehabilitering er ei intensiv og tidsavgrensa teneste. Fokuset er trening i daglege gjeremål i heimen. Eit tverrfagleg team som består av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar gjer ei systematisk kartlegging, og det blir i samarbeid med deg utarbeida mål som du synest er viktig å meistre i din kvardag.

Teamet samarbeider med heimetrenarar i heimetenesta, og vil i lag med deg arbeida for å nå måla.

Kvardagsrehabilitering er for deg som

  • ynskjer å vera aktiv og bu heime
  • er motivert til å klara deg sjølv
  • opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon
  • ynskjer å ta opp igjen aktivitetar som du tidlegare har vore sjølvstendig i, men du nå må ha hjelp til
  • søkjer helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søkjer om meir teneste
  • opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade

Kvardagsrehabilitering er ikkje for deg som

  • ikkje er motivert for eigen trening
  • ikkje klarar å samarbeida om eit treningsopplegg grunna kognitiv svikt

Når du har fått kvardagsrehabilitering kan du og dine pårørande forventa

  • at me kjem heim til deg og rettleiar og støttar deg i det som du synest er viktig å meistre i kvardagen
  • at me jobbar intensivt saman med deg i ei avtalt periode
  • at me evaluerer framgang og justerer mål undervegs saman med deg

Når du har fått kvardagsrehabilitering forventar me av deg og dine pårørande

  • at du er motivert til å gjera ein innsats for å nå dei måla du har sett, slik at du i størst mogleg grad kan vere aktiv i eige liv - i eigen heim
  • at du etter avslutta rehabiliteringsperiode vil gjera det du kan for å oppretthalda aktivitets- og funksjonsnivået du har oppnådd

Økonomi

Tenesta er gratis.

Aktuelt regelverk

Skjema

Søknad om helse- og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne