Matombering

Matombering er eit tilbod for deg som er heimebuande og ikkje klarer å laga varm mat til deg sjølv. Du får ferdiglaga middagsmat levert på døra, varm eller kald for oppvarming i heimen. Tilbodet skal bidra til at du kan bu heime og likevel få dekka behovet for sunn, god og næringsrik mat. Du kan få levert mat ein eller fleire dagar i veka for ein kortare eller lengre periode.

For informasjon om leveringsdagar, ta kontakt med Tenestekontoret.

Når du har fått matombering kan du og dine pårørande forventa

  • middagsmåltid som er produsert etter retningslinjer for ernæring
  • måltid som bidreg til eit variert kosthald, og førebygg feilernæring
  • at maten blir levert til avtalt tid, og er varm ved levering dersom ikkje anna er avtalt

Når du har fått matombering forventar me av deg og dine pårørande

at du melder frå i godt tid dersom du ynskjer å avbestille enkeltmåltid

Økonomi

Sjå kommunen sitt taksthefte.

Skjema

Søknad om helse- og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne