Praktisk bistand - heimehjelp

Praktisk bistand er eit tilbod til deg som treng hjelp til reingjering og andre grunnleggjande praktiske oppgåver. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime lengst mogleg. Ved behov vil ein prioritera den som har betydeleg helsesvikt, og/eller er avhengig av omfattande hjelp i heimen for å førebyggja innlegging i institusjon.

Praktisk bistand er for deg som

  • ikkje klarer å stella heimen din sjølv og treng hjelp til reingjering av rom i bustaden som er i dagleg bruk
  • har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, eller av andre årsaker
  • har bruk for bistand for å vera sjølvhjelpen i eigen heim
  • har behov for hjelp til å bestille matvarer, fordi du ikkje har pårørande eller andre som kan hjelpe med dette
  • treng hjelp til vask av tøy
  • ved kortvarig sjukdom hos føresett med behov for hjelp til å oppretthalde omsorgsevne for barn med  langvarige, samansette helse- og omsorgstenester

Praktisk bistand er ikkje for deg som

  • er i stand til å dra nytte av tenesta som blir tilbydd av andre/private
  • bur med andre som kan utføra arbeidet, eller som kan lære å gjera det

Før varig teneste blir tildelt skal tenesta prøva ut eller vurdera

  • tilrettelegging av bustad
  • kvardagsrehabilitering/opplæring
  • tekniske hjelpemidlar som til dømes robotstøvsuger

Praktisk bistand kan omfatta

  • reingjering av rom som er i dagleg bruk av søkjar (stova, kjøkken, soverom, bad, gang)
  • enkel oppvask og hjelp til å ta ut vanleg hushalds søppel
  • sengeklede skiftes normalt kvar 2. veke
  • klede kan vaskast etter behov i vaskemaskin
  • søkjar som har behov for matvareinnkjøp kan få hjelp til bestilling
  • vask av vindauge i rom som er i dagleg bruk, inntil 2 gangar per år (føresett at ein kan vaska vindauga frå golv, dette går av ordinær tid)

Praktisk bistand omfattar ikkje

  • tillaging av middag
  • stryking, bakst, pussing av sølvtøy og messing
  • stor reingjering av tak og vegger, boning av golv, innvendig vask av skap, ta ut store og tunge teppe og liknande
  • reingjering av rom som ikkje er i dagleg bruk av søkjar
  • reingjering av trapper/gang/andre fellesareal i burettslag/private bustadar
  • kjeller og loftsrydding/vasking
  • oppgåver i forbindelse med gjester og vaksne heimebuande born. Lage i stand til selskap. Rydde og vaske opp etter besøkjande
  • vask av altan/terrasse
  • hagearbeid
  • hjelp til husdyrhald
  • hjelp til flytting
  • generelt barnepass
  • snømoking/strøing
  • pynte til og rydde etter høgtider

Praktisk bistand omfattar normalt heller ikkje

  • støvtørking
  • bera inn ved og fyra i vedomn

Når du har fått praktisk bistand kan du og dine pårørande forventa

  • at du får eit vedtak som konkret forklarer kva hjelpa skal bestå av
  • at du får eit fast tidspunkt for den tildelte hjelpa – dette kan endrast etter avtale
  • at du får beskjed før kl. 09.00 dersom det blir endring i forhold til avtalt tidspunkt for hjelp

Når du har fått praktisk bistand forventar me av deg og dine pårørande

  • at du sjølv utfører dei oppgåvene som du kan klara
  • at du har naudsynt funksjonelt utstyr tilgjengeleg som støvsugar, mopp, filler, vaskemiddel
  • at du/de gir tilbakemelding til avdelingsleiar dersom du ikkje er nøgd med tenesta
  • at du er til stades når tenesta blir utført. Dersom du ikkje er heime utgår hjelpa. 
  • at du avbestiller seinast dagen før innan kl. 15.00
  • at du betalar for hjelp som ikkje er avbestilt i tide

Økonomi

Sjå kommunens taksthefte. Du vil få eige betalingsvedtak.

Aktuelt regelverk

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne