Institusjonsopphald - Avlastningsopphald

Alternativt navn

Tidsbegrensa opphald - avlasting

Omtale

Personar som har omsorgsoppgåver heime, kan søkje om tidsavgrensa avlastingsopphald på institusjon. Den hjelpetrengande kan også søkje.

Formål: Den daglege omsorgsytar skal få avlastning frå sine daglege omsorgsoppgåver. At hjelpetrengande skal kunne bu heime lenger.

Målgruppe

Personar med omfattande omsorgsoppgåver heile døgnet.

Kriterium/vilkår

Følgjande skal vurderast:

  • Om det er særleg tyngande omsorgsoppgåver for omsorgsytar.
  • Om det er forsvarleg med avlastningstiltak i eigen heim.
  • Om søkjer sjølv ynskjer opphald.
  • Samtykkjekompetanse skal vurderast i kvart einskilt tilfelle.

Iplos kartlegging skal gjennomførast.

Naudsame medisinske opplysningar frå lege skal innhentast.

Moment som ein kan ta omsyn til:

  • Omsorgsarbeidet varer over tid månader/år og inneber mange timar pr. månad.
  • Omsorgsarbeidet er meir tyngjande enn vanleg fysisk eller psykisk.
  • Omsorgsarbeidet inneber nattearbeid og fører til avbrot i nattesvevn.
  • Omsorgsarbeidet er kontinuerleg eller skjer i periodar.
  • Omsorgsarbeidet fører til  sosial isolasjon, mangel på ferie og fritid.

Pris for tenesten

Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald.

 

Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande

Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Brosjyre Etne Omsorgssenter
Hjelpetilbud i kommunen

Regelverk

Tenesta er heimla i :

Pasient og brukarrettighetslova §2-1 a andre ledd jf. helse- og omsorgteneste lova §§3-1 og 3-2 fyrste ledd. nr 6 bokstav d.



Lovar

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Forskrifter

Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Verdighetsgarantiforskriften

Praktiske opplysninger

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.

Skjema

Søknad om helse- og omsorgstenester

Søknadsfrist

Søknaden vert handsama av tiltaksteamet i kommunen.

Søknaden sendast til

Etne kommune, Tenestekontoret v/pleie og omsorg
Sjoarvegen 2
5590 Etne
Telefon: 53 75 81 49

 

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen.
Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om saka skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Avdeling: Pleie og omsorg
Leiar: Halleland, Doreen
Telefon: 53 75 81 42
Mobil: 416 92 464

Kontaktpersonar

Avdelingsleiar: Vibeke Skjold Heggebø
Telefon: 53 75 81 44
Mobil: 469 52 449

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Vibeke Skjold Heggebø
Leiar
E-post
Telefon 53 75 81 44
Mobil 97 62 65 00