Demenskoordinator

Demenskoordinator skal sikre oppfølging og støtte til deg som har ein kognitive utfordringar, er under utgreiing for dette og/eller har fått demensdiagnose. Samt oppfølging og samhandling med dine pårørande. Demenskoordinator samhandlar med spesialisthelsetenesta og hjelper deg med å samordna tilboda og tenestene dine.

Målgruppe

For deg og dine pårørande som opplev utfordringar med hukommelsen, er under utgreiing eller har fått ein demensdiagnose.

Når du kontaktar demenskoordinator kan du og dine pårørande forventa

  • du får ein uforpliktande samtale med demenskoordinator
  • du får råd og rettleiing
  • du får hjelp til videre kartlegging av dine utfordringa

Når du har fått kartlegging kan du og dine pårørande forventa

  • tilbod om gjennomføring av kognitive testar i eigen heim
  • tilbod om samhandling mellom demenskoordinator og lege

Når du har fått demenskoordinator kan du og dine pårørande forventa

  • tilbod om tiltakspakke demens med ein systematisk oppfølging
  • du får tildelt ein koordinator, om du ønskjer det
  • du får hjelp til samordning dersom du har fleire helsetenester som kontakt med fastlege, sjukehus, dagsenter, heimesjukepleie, tenestekontor, ergoterapi, fysioterapeut m.m.
  • du og dine pårørande får tilbod om samtalar eller heimebesøk av demenskoordinator, denne tenesta er i tillegg til eventuell anna oppfølging frå helse- og omsorgstenesta
  • du og dine pårørande kan få oppfølging gjennom alle fasar av sjukdomen og få råd og vegleiing, støtte, informasjon og hjelp til planlegging av vegen vidare
  • du får hjelp til å søkja hjelpemidlar for tilrettelegging i eigen heim

Økonomi

Tenesta er gratis

Aktuelt regelverk

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne