Opphald i institusjon - korttidsopphald

Korttidsopphald i institusjon er for deg som midlertidig har eit omfattande behov for helse- og omsorgstenester som ikkje kan gis forsvarleg i heimen din, eller som ventar på anna tenestetilbod. Opphaldet skal bidra til at du kan bu i eigen bustad lengst mogleg. Det vil til ei kvar tid vera tilknytt personell og det er tilrettelagt for felles måltid og felles opphaldsrom.

Korttidsopphald er for deg som

  • i ein kortare periode har behov for medisinsk behandling, omsorg ved sjukdom, utgreiing og observasjon, eller etterbehandling /oppfylging etter sjukehusopphald
  • har behov for observasjon og vurdering av bistandsbehov

Korttidsopphald er ikkje for deg som

  • har eit hjelpebehov som kan ivaretakast med andre tenester på eit lågare omsorgsnivå
  • har ein uavklart situasjon som ikkje er kartlagt av lege eller spesialisthelsetenesta

Når du har fått korttidsopphald kan du og dine pårørande forventa

  • å få eit skriv med nødvendig informasjon om tenesta
  • å ha tilgang til lege og få dekka naudsynt medisinsk behandling
  • at det blir utarbeida eit definert mål for opphaldet
  • å få tildelt ei primærkontakt
  • at tilsette opptrer respektfullt i møte med deg og vernar om ditt privatliv
  • å få tilbod om sosial kontakt, fellesskap og aktivitetar
  • å få eit enkelt møblert rom med tilrettelagt seng og nattbord
  • at du får hjelp til å koordinera eventuelle hjelpemiddel og helsetenester i heimen er klart etter utskriving slik at du blir mest mogleg sjølvhjelpen

Når du har fått korttidsopphald forventar me av deg og dine pårørande

  • at du og dine pårørande gjer det de kan for å sikra høgast mogleg grad av sjølvstende
  • at du og dine pårørande bidreg i samarbeidet til å laga ein best mogleg kvardag
  • at pårørande, viss mogleg, tek ansvar for følgje til kontroll/oppfølging hjå spesialist, sjukehus eller tannlege

Økonomi 

Sjå kommunen sitt taksthefte. Du betaler for opphald etter forskrift. Det er ein del utgifter som ikkje blir dekka av eigenandelen. Sjå informasjonshefte for detaljar.

Aktuelt regelverk  

Skjema

Søknad om helse- og omsorgstenester