Langtidsopphald i institusjon

Langtidsopphald i institusjon er for deg med eit omfattande behov for helse- og omsorgstenester som ikkje kan bli gitt forsvarleg i heimen din. Det vil til ei kvar tid vera tilknytt personell og det er tilrettelagt for felles måltid og felles opphaldsrom.

Det er utarbeida eit eige informasjonshefte for praktisk informasjon om tilbodet. Målgruppa for langtidsopphald er først og fremst eldre.

Langtidsopphald er for deg som

  • har samansette diagnosar og stort behov for medisinsk oppfylging
  • har eit omfattande behov for helse- og omsorgstenester
  • har nedsett evne til eigenomsorg og buevne grunna langt komen svikt i kognitiv funksjon, funksjonshemming, psykisk eller fysisk sjukdom
  • har eit hjelpebehov som er forventa å vera langvarig

Langtidsopphald er ikkje for deg som

  • har eit hjelpebehov som kan ivaretakast med andre tenester på eit lågare omsorgsnivå

Før varig teneste blir tildelt skal tenesta prøva ut eller vurdera

  • tilrettelegging av bustad
  • kvardagsrehabilitering
  • velferdsteknologiske eller andre tekniske hjelpemidlar
  • helsetenester i heimen – heimesjukepleie
  • praktisk bistand – personleg hjelp – heimehjelp
  • korttidsopphald i institusjon

Når du har fått langtidsplass kan du og dine pårørande forventa

  • å få eit skriv med nødvendig informasjon om tenesta
  • å ha regelmessig tilgang til lege og få dekka naudsynt medisinsk behandling
  • at tilsette opptrer respektfullt i møte med deg og vernar om ditt privatliv
  • å få tildelt ei primærkontakt
  • å få tilbod om sosial kontakt, fellesskap og aktivitetar

Når du har fått langtidsplass forventar me av deg og dine pårørande

  • at de gjer det de kan for å sikra høgast mogleg grad av sjølvstende
  • at de bidreg i samarbeidet til å laga ein best mogleg kvardag

Økonomi

Sjå kommunen sitt taksthefte. Du betaler for opphald etter forskrift. Det er ein del utgifter som ikkje blir dekka av eigenandelen. Sjå informasjonsskriv.

Aktuelt regelverk

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Vibeke Skjold Heggebø
Leiar
E-post
Telefon 53 75 81 44
Mobil 97 62 65 00