Institusjon - langtidsopphald ved demens

Langtidsopphald i avdeling for personar med demens, er for deg med eit omfattande behov for helse- og omsorgstenester som ikkje kan bli gitt forsvarleg i heimen din. Det vil til ei kvar tid vera tilknytt personell og det er tilrettelagt for felles måltid og felles opphaldsrom.

Dersom behovet ditt endrar seg og du ikkje lenger nyttiggjer deg av miljøterapi og skjerming, eller det somatiske hjelpebehovet ditt vert omfattande, blir flytting til somatisk avdeling vurdert.

Det er utarbeida eit eige informasjonshefte for praktisk informasjon om tilbodet.

Langtidsopphald i avdeling for personar med demens er for deg som

  • har eit omfattande behov for helse- og omsorgstenester
  • har nedsett evne til eigenomsorg og evne til å bu, grunna langt komen svikt i kognitiv funksjon, funksjonshemming, psykisk eller fysisk sjukdom
  • har eit hjelpebehov som er forventa å vera langvarig
  • har ein demensdiagnose eller anna kognitiv svikt som krev miljøterapi eller skjerming

Langtidsopphald i avdeling for personar med demens er ikkje for deg som

  • har eit hjelpebehov som kan ivaretakast med andre tenester på eit lågare omsorgsnivå
  • har eit omfattande somatisk hjelpebehov
  • ikkje har nytte av miljøterapi og/eller skjerming

Før varig teneste blir tildelt skal tenesta prøva ut eller vurdera

  • tilrettelegging av bustad
  • kvardagsrehabilitering
  • rehabilitering/opplæring
  • velferdsteknologiske eller andre tekniske hjelpemidlar
  • helsetenester i heimen – heimesjukepleie
  • praktisk bistand – personleg hjelp – heimehjelp
  • korttidsopphald i institusjon
  • dagaktivitet for heimebuande med demens (om aktuelt)
  • tiltakspakke demens (om aktuelt)

Når du har fått langtidsplass i avdeling for personar med demens kan du og dine pårørande forventa

  • å få eit skriv med nødvendig informasjon om tenesta
  • å ha regelmessig tilgang til lege og få dekka naudsynt medisinsk behandling
  • at tilsette opptrer respektfullt i møte med deg og vernar om ditt privatliv
  • å få tildelt ei primærkontakt
  • å få tilbod om sosial kontakt, fellesskap og aktivitetar

Når du har fått langtidsplass på avdeling for personar med demens forventar me av deg og dine pårørande

  • at de gjer det de kan for å sikra høgast mogleg grad av sjølvstende
  • at de bidreg i samarbeidet til å laga ein best mogleg kvardag

Økonomi

Sjå kommunen sitt taksthefte. Du betaler for opphald etter forskrift. Det er ein del utgifter som ikkje blir dekka av eigenandelen. Sjå informasjonsskriv.

Aktuelt regelverk  

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne