Opphald i institusjon - rehabilitering

Rehabiliteringsopphald er eit opptreningsopphald for deg som har fått eit redusert funksjonsnivå grunna sjukdom eller skade. Opphaldet skal bidra til at du kan bu i eigen bustad lengst mogleg. Det vil til ei kvar tid vera tilknytt personell og det er tilrettelagt for felles måltid og felles opphaldsrom.

Rehabiliteringsopphald er for deg som

  • har behov for kartlegging og opptrening i institusjon grunna funksjonssvikt etter operasjon, sjukdom eller skade
  • har potensiale og motivasjon for rehabilitering og kan samarbeida om rehabiliteringsplanen

Rehabiliteringsopphald er ikkje for deg som

  • har eit hjelpebehov som kan ivaretakast med andre tenester på eit lågare omsorgsnivå
  • har ein uavklart situasjon som ikkje er kartlagt av lege eller spesialisthelsetenesta

Når du har fått rehabiliteringsopphald kan du og dine pårørande forventa

  • å få eit skriv med nødvendig informasjon om tenesta
  • at du ved start av opphaldet får ei tverrfagleg kartlegging av ditt funksjonsnivå og behov for rehabilitering/habilitering
  • at du får utarbeida ein tverrfagleg plan med mål, tiltak og evaluering
  • at du får tilbod om minimum eit tverrfagleg møte under opphaldet
  • at du får ei ny funksjonsvurdering ved avslutning av opphaldet ditt
  • at du får informasjon om individuell plan, koordinator og hjelp til søknad om dette, dersom du har behov for langvarige koordinerte tenester
  • å ha tilgang til lege og få dekka naudsynt medisinsk behandling
  • at det blir utarbeida eit definert mål for opphaldet
  • å få tildelt ei primærkontakt
  • at tilsette opptrer respektfullt i møte med deg og vernar om ditt privatliv
  • å få tilbod om sosial kontakt, fellesskap og aktivitetar
  • å få eit enkelt møblert rom med tilrettelagt seng og nattbord
  • at du får hjelp til å koordinera eventuelle hjelpemiddel og helsetenester i heimen er klart etter utskriving slik at du blir mest mogleg sjølvhjelpen

Når du har fått rehabiliteringsopphald forventar me av deg og dine pårørande

  • at du og dine pårørande gjer det de kan for å sikra høgast mogleg grad av sjølvstende
  • at du og dine pårørande bidreg i samarbeidet til å laga ein best mogleg kvardag
  • at pårørande, viss mogleg, tek ansvar for følgje til kontroll/oppfølging hjå spesialist, sjukehus eller tannlege

Økonomi

Sjå kommunen sitt taksthefte. Du betaler for opphald etter forskrift. Det er ein del utgifter som ikkje blir dekka av eigenandelen. Sjå informasjonsskriv for detaljar.

Aktuelt regelverk

Skjema

Søknad om helse- og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Vibeke Skjold Heggebø
Leiar
E-post
Telefon 53 75 81 44
Mobil 97 62 65 00