Tiltakspakke demens

Tiltakspakke demens er ei strukturert, fagleg og individuelt tilpassa oppfølging til deg som har fått ein demensdiagnose. Målet er at du skal få bu lengst mogleg i eigen heim, og at du og dine pårørande skal oppleva tryggleik og støtte. Du kan sjølv ta kontakt med demenskoordinator eller bli tilvist via fastlege, sjukehus eller andre helseføretak. Tenestene som blir gitt som del av tiltakspakke demens, kjem i tillegg til eventuell anna oppfølging frå helse- og omsorgstenesta.

Tiltakspakke demens er for deg som

  • har fått ein demensdiagnose

Når du har fått tiltakspakke demens kan du og dine pårørande forventa

  • heimebesøk av demenskoordinator minimum ein gong i månaden
  • at din fastlege blir informert om din helsetilstand
  • at det er mogleg for pårørande å delta på oppfølgingsbesøka
  • at du får kartlagt ditt funksjonsnivå og eventuelt behov for hjelpemiddel i heimen
  • at du får kartlagt eventuelle endringar i din helsetilstand og sjukdomsforløp
  • å få hjelp til samordning dersom du har fleire helsetenester som kontakt med fastlege, sjukehus, heimesjukepleie, tildelingskontor, ergoterapi, fysioterapeut, NAV m.m. 
  • råd og rettleiing om velferdsteknologi
  • råd og rettleiing om demenssjukdom
  • tilbod om utgreiing av demenssjukdom i eigen heim

Når du har fått tiltakspakke demens forventar me av deg og dine pårørande

  • at du bidreg til å oppretthalda dine funksjonar slik at du kan fortsetta å vera mest mogleg sjølvstendig

Økonomi

Tenesta er gratis.

Aktuelt regelverk  

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne