Koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikra heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar. Eininga har eit overordna ansvar for individuell plan og koordinator. Ansvaret gjeld alle brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester

Koordinerande eining er knytt til tenestekontoret i Etne kommune.

Koordinator kan ein ha rett på dersom ein treng koordinerte tenester over lang tid.

Barnekoordinator Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator etter pasient- og brukarrettighetslova § 2-5 c. 

Barnekoordinator - Helsedirektoratet

Det er familien som har rett til barnekoordinator. 

Koordinerande eining i Etne kommune har overordna ansvar for barnekoordinatorordninga. 

Individuell plan er eit reiskap til samarbeid mellom brukar og tenestene og bidreg til at alle jobbar etter dei same måla.

Søknadsskjema for helse og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Anne Håheim
Fagleiar tenestekontor
E-post
Telefon 53 75 81 49