Omsorgsbustad

Omtale

Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilpassa rørslehemma og lagt til rette slik at bebuaren skal kunne ta imot heildøgns omsorg etter behov. Bustaden er bebuaren sin eigen heim. Bebuaren betalar husleige og får heimetenester på same vilkår som for andre heimebuande. Pleie og omsorg tildeler bustader til søkjarar med helse- og omsorgsbehov som ikkje kan få dekka dette behovet i eigen heim.

Bustader med helse- eller omsorgs-formål er bustader som er tilrettelagt for omsorgsformål. I kommunen har ein både ubemanna og bemanna omsorgsbustader.

Ut frå ein tverrfagleg vurdering får brukerane tildelt individuelle vedtak ut i frå deira hjelpebehov/ helsetilstand.

Etne kommune har omsorgsbustadar som driftsmesseg er tilrettelagt for ulike typar tenestebrukarar. Omfattande omsorg kan bare verte tilbydd enkelte stader. Brukar må regne med overflytting dersom det vert kravd for å tilby forsvarlege tenester

Skånevik:

  • Bufellesskapet i Skånevik 1.etasje, 6 bustadar og 2. etasje 8 bustader er bemanna omsorgsbustader.
  • Bustadskipinga Tusenfryd, 8 bustader er ubemanna omsorgsbustader

Etne:

  • Bustadskipinga, 20 ubemanna omsorgsbustader.
  • Gjerdsrabbane, 11 kommunale ubemanna omsorgsbustader.
  • Etne omsorgssenter 1 etasje, bemanna omsorgsbustader.
  • Gjerdsrabbane bufellesskap, bemanna omsorgsbustader (miljøarbeidstenesta). Helseeininga tildeler desse bustadane.

 

Målgruppe

Kommunen skal medvirka til å skaffa bustader til personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarkedet, her under tilrettelagde bustader for dei som treng dette grunna av alder, funksjonshemming eller andre årsaker.

Kriterium/vilkår

Søkjar som har omfattande bistand frå helse- og omsorgstenestene kan tildelas kommunal omsorgsbustad. Det skal vere vurdert kjøp av annan privat bustad eller fysisk tilrettelegging og tilpassing i eigen bustad.

Tildeling av kommunal omsorgsbustad skal dekkje eit fysisk, psykisk eller sosialt behov.

Søkjaren må ha minimum 2 års saman hengjande folkeregistrert bu-tid i kommunen, med mindre særlege grunner ligg føre.

Søkjar må være fylt 18 år.

Søkjar som treng hjelp for å meistre bu situasjonen, f.eks til å betale husleige eller å ta vare på bustaden på ei slik måte at det ikkje vert slitasje ut over det normale, må inngå eit forpliktande samarbeid med tenesteapparatet før omsorgsbustad kan tildelas.

 

Vilkår for avslag av søknad:

Personar med inntekt, formue eller alternative moglegheiter for å skaffa eller behalde eigen bustad. 

Om søkjar tidligare har takka nei til butilbod eller anna bustadhjelp som kommunen vurderer som eigna.

Om søkjar har misleghaldt leigeforhold med kommunen eller misleghaldt lån frå kommunen.

Det vert stilt krav om at husleigerestanse og anna gjeld knytt til kommunale bustader skal vere oppgjort.

 

Grunnlag for å fatta omgjeringsvedtak:

Når søkjar ikkje godtek dei avtalevilkåra som kommunen stiller.

Når søkjar utan sakleg grunn ikkje tek imot tilbodet.

Når søkjar utan sakleg grunn ikkje møter til kontraktavtale.

Når søkjars situasjon har endra seg frå søknadsdato til dato for inngåing av leigekontrakt, slik at søkjar ikkje lenger fyller kriteriene for tildeling av kommunal omsorgsbustad.

Ved misleghald av oppføgingsavtalar eller andre avtaler.

Når søkjar ikkje har gitt rette opplysningar som er av betyding for behandling av søknaden.

 

 

Regelverk

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste. Opphald i omsorgsbustad er regulert gjennom husleigekontraktar, jf. husleigelova. Tildeling av omsorgsbustad er eit enkeltvedtak med dei rettane og pliktane som følgjer av forvaltningslova.



Lover

Forvaltningsloven

Forskrifter

Verdighetsgarantiforskriften

Praktiske opplysninger

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsbustad, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.  

Skjema

Søknad om helse- og omsorgstenester

Søknadsfrist
 

Søknaden sendast til

Etne kommune, Tenestekontoret v/pleie og omsorg
Sjoarvegen 2
5590 Etne
Telefon: 53 75 81 49

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

 

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Dersom du har fått ein omsorgsbustad og du ønskjer å klage over uforsvarleg utføring av tenesta, kan du gjere det til Statsforvaltaren i fylket ditt.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i bustaden kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Kontaktinformasjon

Ansvarlig eining

Avdeling: Pleie og omsorg
Leiar: Halleland, Doreen

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne