Omsorgsstønad er for deg som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, og skal gje deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Du må ha søkt hjelpestønad frå NAV.
Omsorgsstønad er for deg som
Har eit særleg tyngande omsorgsarbeid over tid, der det blant anna blir vektlagt om
- du bruker mange timer per månad på omsorgsarbeid
- omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
- omsorgsarbeidet skjer på natt eller gir brott i nattesøvn
- omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på fritid
- føl opp ein omsorgstrengande som ønskjer at det er du som skal stå for hjelpen
- etter kommunen sin vurdering er det beste alternativet til å gi hjelp til den omsorgstrengande
- dersom du har omsorg for meir enn ein person vil dette bli vektlagt
Omsorgsstønad er ikkje for deg som
- hjelpa du gir fell ikkje under arbeid som kommunens helse- og omsorgsteneste ville gitt
- omsorgsarbeidet er ikkje meint for å vare over tid
- yter omsorgsarbeid innanfor det ein kan forventa i høve til barn du har omsorgsplikt for
Når du har fått omsorgsstønad kan du og dine pårørande forventa
- at du får ein oppdragsavtale og minstelønn som ufaglært assistent
- at omsorgsstønaden fell vekk når behovet ikkje lenger er der
- at omsorgsstønaden blir vurdert på nytt ved tildeling av andre tenester, og kan endrast eller falle bort
Når du har fått omsorgsstønad forventar me av deg og dine pårørande
- at de gir beskjed når behovet ikkje lenger er der
- at du gir beskjed om du får endring i hjelpestønad frå NAV
- at de søkjer om avlasting eller andre tenester, ved særskilt behov eller endring av behov
Økonomi
Omsorgsstønad er gratis. Du får ikkje betaling time for time, og det blir ikkje utbetalt feriepengar.
Aktuelt regelverk
Helse og omsorgstjenesteloven § 3-6
Sist endret 17.01.2025 12:08