Velferdsteknologi - Digitalt tilsyn

Digitalt tilsyn er velferdsteknologiske hjelpemidlar i form av ulike sensorar som kan varsle om du har behov for hjelp. Eksempel på digital tilsyn er:

  • døralarm som varslar om du går ut på natta
  • fallalarm som varslar om du har hatt eit hardt fall
  • sengesensor som varslar om du har stått opp på natta og ikkje er kome tilbake i senga igjen i løpet av ei angitt tid
  • kameratilsyn der helsepersonell kan sjå til deg ved avtalte tider, eller som kan varsla om ulike hendingar oppstår.

Digital tilsyn skal bidra til at du skal kunne bu heime lenger og at du skal kunne leva eit så sjølvstendig liv som mogleg. Velferdsteknologi skal alltid vurderast som førsteval i tildeling av tenester.

Digital tilsyn er for deg som

  • har behov for helse- og omsorgstenester og digitalt tilsyn kan erstatta, utsetje eller supplera andre helse- og omsorgstenester
  • ikkje alltid hugsar kva tid det er på døgnet
  • har fare for fall
  • er engsteleg for å gå på toalettet om natta
  • ønsker å vera sjølvstendig og å få minst mogleg besøk av heimetenesta.
  • har bistand til andre gjeremål av heimetenesta og digital tilsyn gjer at du har behov for færre besøk
  • det er forventa at hukommelsen din gradvis vil endra seg og du har behov for å lære deg å bruke teknologien tidleg
  • tiltaket vil avlaste dine pårørande og eller utsetje behovet for andre kommunale tenester
  • dersom du sjølv ikkje har samtykkekompetanse skal digitaltilsyn
    • vere nødvendig for å hindra eller avgrensa at du skadar deg
    • vere i di interesse og du motset deg det ikkje
    • vere det minst inngripande tiltaket for deg
    • vere sannsynleg at du ville tillate tiltaket

Digital tilsyn er ikkje for deg som

  • ikkje har samtykkekompetanse og tenesta er ikkje forsvarleg for deg.
  • allereie har private ordningar som fungerer og du har ikkje behov for kommunal hjelp for å ivareta behova dine

Når du har fått digital tilsyn kan du og dine pårørande forventa

  • at du får god opplæring og informasjon
  • du får ein prøveperiode med god oppfølging der ein testar ut om dette er rette hjelpa for deg
  • du vil få individuell vurdering av kva utstyr som er best tilpassa dine behov
  • hjelpa vil bli evaluert 
  • me må saman verte einig om rutinar for varsling. Pårørande kan hjelpe til med dette om det er forsvarleg og i di interesse

Økonomi

Dei ulike sensorane vert tildelt som ei helse- og omsorgsteneste og er gratis. Unntak: Du må sjølv betala for tryggleiksalarm.

Aktuelt regelverk

Digital tilsyn vert tildelt som ei helse- og omsorgsteneste

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne