Velferdsteknologi - Elektronisk medisineringsstøtte

Elektronisk medisineringsstøtte er eit velferdsteknologisk hjelpemiddel som hjelper deg med å ta rett medisin til rett tid. Du får varsel når det er på tide å ta medisinen. Dersom du ikkje tek medisinen innan gitt tid vil det gå eit varsel til heimetenesta som tek kontakt med deg.

Dersom du har behov for hjelp til å ta medisinar skal elektronisk medisineringsstøtte alltid vurderast som førsteval i tildeling av tenester.

Elektronisk medisineringsstøtte skal bidra til at du skal kunne bu heime lenger og at du skal kunne leva eit så sjølvstendig liv som mogleg.

Elektronisk medisineringsstøtte er for deg som

  • har behov for helse- og omsorgstenester og elektronisk medisineringsstøtte kan erstatta, utsetje eller supplera andre helse- og omsorgstenester
  • treng hjelp til å huska å ta medisinane dine
  • klarar å ta medisinane på eiga hand når du får ei påminning
  • ønsker å vera sjølvstendig og å få minst mogleg besøk av heimetenesta.
  • det er særs viktig for helsa di med rett medisin til rett tid
  • som har bistand til andre gjeremål av heimetenesta og ein medisindispenser gjer at du kan få hjelp til andre tider enn når det er tid for medisin.
  • er motivert og ønsker sjølv å ta i bruk teknologien
  • det er forventa at hukommelsen din gradvis vil endra seg og du har behov for å lære deg å bruke teknologien tidleg

Elektronisk medisineringsstøtte er ikkje for deg som

  • har behov for at nokon må sjå at du tek medisinane dine
  • ikkje klarar å ta medisinane dine sjølv av fysiske eller kognitive årsaker
  • ikkje har behov for å bli minna på å ta medisinar, eller du kan bruka andre hjelpemidlar for å huska på å ta medisinar
  • ikkje har samtykke kompetanse og tenesta er ikkje forsvarleg for deg.

Når du har fått elektronisk medisineringsstøtte kan du og dine pårørande forventa

  • du får god opplæring og informasjon
  • du får ein prøveperiode med god oppfølging der ein testar ut om dette er rette hjelpa for deg
  • dersom du ikkje tek medisinen din vil helsepersonell få eit varsel og setje inn tiltak
  • du vil få individuell tilpassing av dispenseren etter dine behov
  • hjelpa vil bli evaluert

Når du har fått elektronisk medisineringsstøtte forventar me av deg og dine pårørande at

  • du nyttar multidose der dette er mogleg. Det er fastlegen din som avgjer dette.

Økonomi

Tenesta vert tildelt som ei helse- og omsorgsteneste og er gratis, men du må sjølv betale for medisinane som skal vere i dispenseren.

Aktuelt regelverk

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Post- og besøksadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne