Fritidskortet og Fritidskassa

Fritidskortet

Fritidskortet er eit prosjekt for å inkludere fleire barn og unge i faste, organiserte fritidsaktivitetar.  
Alle som fyller 11 til 15 år det aktuelle året får dekka ein viss sum til medlemskontingent og/eller eigenandel til cup, stemne og turnering.  

På nettsida Aktiv-fritid.no kan lag og organisasjonar legge inn informasjon om arrangement og aktivitet. 

Fritidskassa

Fritidskassa er ei ordning som sørger for at barn og unge skal kunna ta del i éin organisert fritidsaktivitet uavhengig av foreldra sin økonomi. Fritidskassa gjeld ikkje for kulturskulen.
Dette er ei behovsprøvd ordning som kan gje økonomisk støtte til deltakaravgift, utstyr og eigenandel til cup/leir/samling for barn og unge i alderen 0 – 24 år, og som bur i Etne kommune.

På nettsida Aktiv-fritid.no kan lag og organisasjonar legge inn informasjon om arrangement og aktivitet.