Dersom søknaden om støtte blir innvilga, må forelder/ føresett med same bustadadresse som barnet oppretta ein brukar i Aktiv fritid (lenke under).
etne.aktiv-fritid.no
Klikk på "Ny bruker", og opprett ein brukar.
Barn over 13 år som har moglegheit til å logga inn med ID-porten, kan oppretta brukar sjølv.
Klikk på "Ny bruker", og opprett ein brukar. Brukar er som oftast den føresette. Det er e-postadressa di som blir brukarnamn. Mottar du ikkje aktiveringskoden på e-post, sjekk søppelposten.
Dersom du er over 13 år og har moglegheit til å logge inn med ID-porten, kan du gjera dette sjølv. Dersom du er under 13 må ein forelder/føresett med lik bustadadresse som deg gjera det.
Du kan bruka fritidskassa til å betala fakturaer for medlemskontigent, utstyr, eigenandel til eksempelvis cup, stemne. Når fakturaen[e] kjem, legg de inn kontonummer og evt. KID og det innvilga beløpet.
Dersom du alt har betalt faktura for, så kan du få refusjon for innviga beløp. Registrer kontonummer utbetalinga skal gå til, og hugs å legge ved kvittering for betalt beløp. Dersom det skal leggast ved meir enn eit vedlegg, må du hugse å markera alle vedlegg/filer i filvelgaren samtidig.