Kultur- og frivilligprisen

Etne kommune oppmodar alle til å sende inn forslag på kandidatar til Kultur- og frivilligprisen.

Den kommunale kultur- og frivilligprisen for Etne kommune vert delt ut ein gong pr. år så sant det fins verdige kandidatar.

Prisen kan utdelast til personar, lag eller organisasjonar som har gjort ein aktiv innsats for å styrke kulturlivet og/eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjere Etne kommune kjend utover landet på det kulturelle plan.

For meir informasjon om prisen, kan du lesa gjeldande statuttar (PDF, 177 kB).
Frist 6. november

OBS: Skriv ei kort, sakleg og presis grunngjeving. Hugs å kvalitetssikra fakta-opplysingar.

Meld inn kandidat 

Eller:
Last ned skjema for utfylling (DOCX, 29 kB) eller be om å få det tilsendt på tlf 53 75 81 28.

Mottakarar av prisen:

2023 Seniorgjengen
2022 Liv Tungesvik
2021 Solveig Sørheim
2020 Marthon Hustoft
2019 Solveig Stølås
2018 Finn Ove Solberg
2017 Anne Lise Lien
2016 Nils Aasheim og Etne Skulekorps
2015 Hans J. Becker
2014 Alf Warloe Christophersen
2013 Endre Tjelmeland
2012 Lars Olav Bergsvåg

 

Solveig Sørheim - Klikk for stort bildeSolveig Sørheim blei tildelt Kultur- og frivilligprisen for 2021 for arbeidet med å ta vare på og formidla folkemusikk frå Etne. Svein-Erik Larsen, Grannar