Kyrkja i Etne

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

KORT FORTALT

Etne og Skånevik har til saman 7 kyrkjer fordelt rundt i distriktet vårt:

  • Etne kyrkje
  • Gjerde kyrkje
  • Stødle kyrkje
  • Grindheim kyrkje
  • Skånevik kyrkje
  • Frette kapell
  • Fjæra kapell

 

Etne kyrkje ligg på Enge i Etne sentrum, bygd i 2013.

Gjerde kyrkje ligg midt i Etne sentrum, oppført i 1676.

Stødle kyrkje ligg på Stødle i Etne. Den eldste delen av Stødle kyrkje var på 1100-talet huskapell for Erling Skakke og familien hans. Les meir om tida då Magnus Erlingsson frå Studla var konge i Norge.

Grindheim kyrkje ligg på Grindheim i Etne, oppført i 1728.

Skånevik kyrkje ligg i Skånevik, oppført i 1900.

Frette kapell ligg på Frette i Etne, oppført i 1910.

Fjæra kapell ligg på Fjæra, Skånevik sokn. Oppført i 1913.

nettsida til kyrkjekontoret kan du lesa meir om kyrkjene våre, Etne kyrkjelege fellesråd, Skånevik sokneråd, Etne sokneråd og Etne bruktbu. 

Kyrkjeverja
Telefon 53 77 11 70
E-post kyrkjeverja@etnekyrkja.no