Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal og kommunal kultursatsing som har som mål å sørga for:

  • profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
  • å la gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innafor eit mangfald av sjangrar og uttrykk
  • å legga til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren

Kven kan søkja?

  • Både private-, frivillege- og offentlege organisasjonar kan søkja om støtte til kulturarrangement for eldre i kommunen
  • Utøvande kunstnarar kan søkja om utviklingsmidlar til prosjekt for eldre

Vilkår for søknaden

  • Kunst- og kulturfagleg innhald
  • Kunstnaren må ha eige organisasjonsnummer
  • Marknadsføringa skal visa til at arrangementet er støtta av Den kulturelle spaserstokken

Søknadsfrist

Gjennom heile året, men helst 2 månader før arrangementet/tiltaket startar.

Slik søkjer du

Søknadsskjema Den kulturelle Spaserstokken 
(Ta kontakt om du ønskjer fylla ut skjemaet på papir).
Søkjar får svar med eventuelt tilsegn etter maks 1 månad.

Rapport og utbetaling

Alle som har fått tilsegn om tilskot frå Den kulturelle spaserstokken, må senda inn ein enkel rapport etter arrangementet/tiltaket er gjennomført. Tilskotet blir utbetalt når rapporten er motteken.
Rapportskjema Den kulturelle Spaserstokken