Fond kraftkontrakten

I 2020 oppretta kommunen eit fond som skal støtta tiltak som bidrar til å fremja kultur, idrett og frivilligheit. Bakgrunnen er ein avtale mellom Etne kommune og Etne El-lag om overføring av ein konsesjonskraft-kontrakt.

Det blir gitt tilskot til

  • prosjekt, tiltak og aktivitetar av eingongskarakter
  • investering i varige driftsmidlar

Støtta kan gjevast i form av både lån og direkte tilskot.

Kapitalen frå fonet er 2,307 mill. før tildelingar i 2023. Alle innkomne søknadar skal leggjast fram for styret i EE for uttale og eventuell prioritering før Formannskapet gjer vedtak om tildeling av midlar.

Vedtekter for Fond kraftkontrakten (PDF, 274 kB)

Kven kan søkja?

  • Lag, organisasjonar og kommunale tiltak innan Etne Elektrisitetslag AS sitt tidlegare konsesjonsområde (Etnebygda, Stordalen og Kyrping/Sævareid).

Søknadsfrist

  • 31. august

     

Slik søkjer du

Søknadsskjema Fond kraftkontrakt
(Ta kontakt om du ønskjer fylla ut skjemaet på papir).
Søkjar får svar med eventuelt tilsegn eller avslag i slutten på oktober.

Rapport og utbetaling

Midlane blir utbetalte til søkjarane etter dokumentert igangsetjing av tiltaket.
Rapportskjema Fond kraftkontrakten