Allemannsretten gjeld i utmarka.
Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon
Der kan du ferdast fritt til fots og på ski, rasta og overnatta (minimumsavstand til hus/hytte 150m), ri eller sykla på vegar og stiar, bada, padla og ro i vassdrag (ikkje lakseelver i fisketida), plukka ville bær, sopp og blomar, fiska fritt etter saltvassfisk (obs. reglar finst for einskilde forhold).
Hugs:
- Ferdsleforbod på innmark i tida 30.4.-14.10. (unntak på frosen mark)
- Lat att grinder og ikkje trø ned gjerde!
- Vis omsyn til beitedyr
- Ha kontroll på hunden! Bandtvang i tida 1. april-1. oktober
- Jakt og fiske i ferskvatn mot løysing av kort
- Bruk av eld i skogsmark er forbode i tida 15. april-15. september
- Parker med omtanke
- Motorferdsle i utmark og på vassdrag under 2 km2 er som hovudregel forbode
- Hugs sjøvettreglane og ha med redningsvest
- Ferdsle nærare enn 20m og fiske nærare enn 100m frå havbruksanlegg er forbode
- Kast ikkje søppel i naturen
Vis omsyn til naturen og kulturminna!
Sist endret 13.06.2023 13:03