Kommuneplanen sin samfunnsdel 2016-2026

Kommuneplanen sin samfunnsdel vart endeleg vedteke i kommunestyret sak 091/16. 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Planen skal ta stilling til langsiktige utfordringar og mål for heile kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon. Hovudfokusområde i Etne kommune sin samfunnsdel er barn og unge, folkehelse og gode bumiljø. Kommuneplanen sin samfunnsdel er grunnlag for dei kommunale verksemdene sine planar. Den gir rettingsliner for korleis kommunen sine eigne mål og strategiar skal gjennomførast i kommunal verksemd og ved medverknad frå andre offentlege organ og private.

 

Kommuneplanen sin samfunnsdel gir direkte føringar for ny kommuneplan arealdel.

 

Kommuneplanen sin samfunnsdel (pdf) (PDF, 3 MB)

Politisk sak (pdf) (PDF, 418 kB)

Statistikkgrunnlag (pdf) (PDF, 870 kB)