Utviklingsavdelinga har ansvaret for overordna planar som kommuneplan og reguleringsplan. Avdelinga har også ansvar for meir detaljerte planar som tekniske planar og utbyggingsplanar.
Kommuneplanlegging er sektorovergripande, og alle sektorplanar innanfor ulike fagområde, som skule, helse og areal, kan saman med strategiske planar og økonomiplanar/budsjett seiast å vera deler av den samla planen til kommunen.
Ansvaret for økonomiplan og handlingsplan ligg til kommunedirektør Bjørn Tollefsen sin stab.
Reguleringsplanar og utbyggingsplanar er planar der ein regulerer inn framtidige vegar, byggeområde, tomter, friområde og liknande. Mange større tiltak som for eksempel massetak, utbygging av bustadfelt og industriområde må gjennom ein slik planprosess for å kunne gjennomførast. Den gjeldande kommuneplanen etter Plan- og bygningslova for Etne kommune er frå 2003. Arealdelen til denne planen er styrande for iverksetjing av mange tiltak, som husbygging, industri, hyttebygging, vegutbygging o.l.
Kommuneplan - samfunnsdel 2016-2026 (PDF, 3 MB)
Kommuneplankart 2003-2013
Kommuneplan - arealdel 2003-2013 (PDF, 184 kB)
Krav til innleverte digitale plankart (PDF, 130 kB)
Informasjon om utarbeiding av private reguleringsplanar (PDF, 73 kB)
Linkar:
www.lovdata.no
www.norge.no
www.miljo.no