Plan for pleie og omsorg 2022-2030

1 Innleiing

Plan for pleie og omsorg er ein delplan til heilskapleg plan for helse- og omsorg, og skal vera eit strategisk styringsverktøy for administrasjonen og politikarane.

Kommunen sin plan «Leve heile livet», har strategiar og tiltak som er avgjerande for at kommunen skal lukkast med tiltaka i plan for pleie og omsorg.

Planen som ligg føre viser korleis Etne kommune skal møte behova i framtida. Fleire skal bu heime i lenger tid enn i dag, og i meir tilrettelagde bustadar. Tiltaka i planen legg fram ny fysisk utforming av heildøgnsbemanna omsorgsbustadar, fleire aktivitetstilbod og transport til møteplassane. Det er laga standardar for kva type tenester innbyggarane kan forvente å få, og kva kommunen har som forventing tilbake. Det er ei plan for auke av tal institusjonsplassar, auka bruk av velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering, og behov for rekruttering av kompetanse.

Til grunn for planen ligg ei oversikt over ulike situasjonar som kan oppstå i framtida, det så kalla utfallsrommet. Tiltaka i planen er sett opp etter den normalen kommunen antar vil komma. Eit planlagt utfallsrom set tenesta i stand til raskt å gjera endringar for å handtere eit mindre behov og eit større behov, om det skulle bli slik i framtida.

For å halde tett auge med utviklinga vil ein gå gjennom tenesta, forventingar og prioritering av tiltak, i budsjettprosessen dei neste åra. Nokre av tiltaka vil ble lagt fram som eigne politiske saker.

Målgruppa for strategiane og tiltaka i denne planen er aldersgruppa 80 år og oppover, fordi erfaring viser at det er denne aldersgruppa som har mest behov for helse- og omsorgstenester.