Plan for pleie og omsorg 2022-2030

2.2 Mål for tenesta

2.2 Mål for tenesta

Kommunen skal sikre at alle som oppheld seg i kommunen får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Planen skal sikre at innbyggarane kan vera trygge på at dei som treng det får rett hjelp, til rett tid og i rett omfang. Føremålet med planarbeidet er å synleggjere korleis Etne kommune skal etablere ei berekraftig pleie- og omsorgsteneste som er i stand til å handtere dei samfunnsmessige forholda, og endringar over tid. Dette skal byggast på fleksibilitet og endringsvilje i organisasjonen, slik at ein kan oppfylle innbyggarane sine forventingar.

  • Planen skal vise utfordringsbileta innanfor dei ulike områda, både på kort og langt sikt, samt strategiar for å møte desse.
  • Planen skal vera eit styringsverktøy for politikarane og vil kunne bidra til politiske prioriteringar.
  • Planen skal vera eit viktig grunnlagsdokument i planlegging og utforming av tenestetilboda for kommunedirektøren og leiargruppa.

Kommunen har dei siste åra gjort fleire grep for å møte dei behova som har vore framskrive. Målet om at flest mogleg skal bu heime så lenge som mogleg, har fått ein viktigare plass. Gode tiltak har vore sett i gong for ivareta heimebuande. Heimetenester, dagtilbod for personar med demens, velferdsteknologi, kvardagsmeistring og samarbeid med frivilligsentralen er satsingsområde for å støtte innbyggarane til å bu i eigen heim så lenge som mogleg.

Omsorgssenteret Etne - Klikk for stort bilde

I perioden 2016 til 2018 vart det gjort store endringar i pleie- og omsorgstenesta. Eit topp moderne omsorgssenter i vart bygd i Etne, og sjukeheimen ved omsorgssenteret i Skånevik gjort om til heildøgnsbemanna bustadar. Aktivitet og fellesskap vart ein del av den vanlege kvardagen i «avdelingane», og ein satsa på meir aktivitetar i tett samarbeid med frivilligsentralen.

I åra 2018-2020 fekk tenestene utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar, mellom anna fordi det var fleire år med færre dødsfall enn vanleg i sjukeheimen. Det vart gjort tiltak i budsjett 2020 der kommunen auka opp talet på institusjonsrom frå 30 til 33. Dette har til nå avhjelpt situasjonen og det er svært få innbyggarar som ikkje har blitt tatt imot av kommunen sidan endringa.