Plan for pleie og omsorg 2022-2030

2.3 Andre føringar

2.3 Andre føringar

Det ligg både nasjonale og lokale føringar til grunn for pleie- og omsorgstenestene til kommunen.

2.3.1 Kommuneplanen sin samfunnsdel

Me skal vektleggja førebygging og folkehelse, det er eit mål at den einskilde skal ta vare på eiga helse. Det offentlege tenestetilbodet skal sikra eit likeverdige tilbod i alle livsfasar.

4.1 Byggja nytt omsorgssenter i Etne i planperioden, for å ivareta alvorleg sjuke i eigen kommune når det ikkje lenger let seg gjera å oppretthalda ei forsvarleg helseteneste i heimen.

4.2 Etne kommune satsar på heimebaserte tenester ved å nytta kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. Det er eit mål at flest mogeleg bur lengst mogeleg i eigen heim.

4.5 Me vil vera med å vidareutvikle frivilligsentralen

4.6 Etne kommune bør opprette eit dag-/aktivitetstilbod for heimebuande demente.


2.3.2 Aktuelt regelverk

  • Helse- og omsorgstjenesteloven
  • Pasient- og brukerrettighetsloven
  • Forskrift om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon
  • Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg
  • Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Forskrift med kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskild tilrettelagt for heildøgns omsorg, Etne kommune, Hordaland