Plan for pleie og omsorg 2022-2030

2.4 Om planen

2.4 Om planen

Med denne planen legg kommunedirektøren fram nye strategiar for å møte behova i ein aldrande befolkning i kommunen, fram mot år 2030. Plan for pleie og omsorg skal sjåast i samanheng med Plan for leve heile livet 2022-2026, som har følgande hovudpunkt i strategien:

  • eit aldersvenleg samfunn
  • aktivitet og fellesskap
  • mat og måltid
  • helsehjelp
  • samanheng i tenestene

Det er eit mål å få samla delplanar for helse og omsorg i ein heilskapleg plan. Plan for pleie og omsorg er grunnlag for den nye planen, som er omtala i Etne kommune sin planstrategi for 2020-2024.
«Eldrebølga» er allereie i rask bevegelse, og pleie- og omsorgstenestene er det mest krevjande tenesteområdet. Det var difor naturleg å starta med delplan for eldreomsorga.