Plan for pleie og omsorg 2022-2030

2 Bakgrunn og mål, 2.1 Endra behov

2.1 Endra behov

Planen er eit produkt av erfaringar og ny kunnskap som er gjort sidan pleie- og omsorgstenestene vart evaluert av Rune Devold i 2019.

I evalueringa vart det vist til at Etne kommune var inne i ein periode med færre dødsfall og at det var grunn til å tru at 30 institusjonsplassar ville dekke behovet når tal for dødsfall normaliserte seg i kommunen. Det vart peika på at intensjonen med omsorgstrappa vart nytta, men at innhald i heildøgnsbemanna omsorgsbustadar måtte vidareutviklast, og kvardagsrehabilitering og dagtilbod kome på plass.

Kort tid etter at evalueringa vart presentert, viste situasjonen at dimensjonering av tenesta likevel ikkje var berekraftig. Institusjonstenesta kunne ikkje ta imot alle utskrivingsklare pasientar, og behova både i heimetenesta og demensomsorga var auka.

I budsjett for 2021 og 2022 styrka kommunen bemanningsfaktoren i heimetenester, demensomsorg og tal institusjonsplassar. Dagtilbodet for innbyggarar med demens kom på plass i 2020. Behovet for dette tilbodet er fortsett aukande, og blir særs viktig i åra som kjem, for at innbyggarar skal kunne bu heime lenger.