Plan for pleie og omsorg 2022-2030

3.2 Fysisk og psykisk helse

3.2.1 Demens

Demenssjukdom er ofte kjenneteikna av kognitiv funksjonsnedsetting, minnetap og svikt av emosjonell kontroll, motivasjon eller sosial åtferd. Demens er ikkje berre ei lokal utfordring, men òg nasjonal og global.

Tal frå Demenskartet.no viser at innbyggarane i Etne kommune er eldre enn gjennomsnittet i Norge.
Kommunen må difor rekna med ein høgare del innbyggarar med demens i framtida. Tabellen viser framskriving av innbyggarar med demens frå 2020 til 2040.

Innbyggarar m
Innbyggarar 2020 2025 2030 2040
Tal innbyggarar med demens 104 114 132 179
Del av totalt innbyggartal 2,56% 2,90% 3,35% 4,53%

Belastinga og den personlege kostnaden for menneske som utviklar demenssjukdom er stor. Også samfunnet og fellesskapet har store kostnadar knytt til dette. Kostnadane kan delast i:

  • pleie, helse og omsorg
  • produksjonstap
  • sjukdomsbyrde

Nasjonalt er kostnadane samla berekna til å auke frå 95 milliardar i 2019 til 180 milliardar i 2040.
Kostnadane knytt til helsetenester for kvar pasient blir delt mellom kommune med 76%, stat 12% og pasient med 12% (Vossius et.al, 2015; Skogli et.al 2015).

Fleire risikofaktorar for utvikling av demens er identifisert. Den største er alder. Andre faktorarar er livsstil, hjartehelse, overvekt og sosial tilknyting. Nyare funn peikar på at det kan vera ein samanheng mellom opplevd grad av einsemd og isolasjon, og utvikling av demens.

3.2.2 Einsemd

Personlege forhold og kvaliteten på desse er funne til å vera gode indikatorar på sjukdom og livslengde. Fråvær av tette relasjonar er ein stor risikofaktor for god helse (Holt-Lundstad et.al. 2017 og Shor og Roelfs 2015). Det er mellom anna funne fleire fysiologiske funksjonar og mekanismar knytt til mangel på sosialt samvær og isolasjon, som får følgjer for helsa vår (Holt-Lundstad et.al., 2010).

Eldre damer - Klikk for stort bilde

Nyare studiar av hjernen viser at oppleving av sosial einsemd, låg tilknyting til andre menneske og isolasjon, kan sette synlege spor eller avtrykk i hjernen vår, anten i form av strukturelle endringar eller aktivitetsmønstre (Courtney og Meyer 2020; Spreng et.al 2020).
Gjennom auka forståing og kunnskap om slike samanhengar er det håp om at det kan bli utvikla betre verktøy for førebygging og behandling av sjukdom, med tida. Verktøy som kan visa samanhengar mellom auka grad av einsemd og nedsettingar i kognitive funksjonar.

3.2.3 Den fjerde alder

Professor emeritus Anders Grismo ved NTNU viser i sin forsking til endringar i aldring. Det blir understreka av Grismo at det er viktig med tidleg identifisering, proaktive intervensjonar og førebygging i arbeid med eldre.
Mange seniorar er i dag friske langt opp i høg alder og lever lenger utan hjelpebehov. Han peikar derfor på eit relativt nytt omgrep for menneske si utvikling og aldring. Omgrepa som blir brukt er den første, andre, tredje og fjerde alder, der dei to siste er relevant i denne samanheng:

  • Den tredje alder er den spreke pensjonisten som er arbeidsfri, har god helse og god økonomi.
    Den tredje alder kan vare heilt opp mot 85 år.
  • Den fjerde alder er alderdomen som er prega av fysiske funksjonsnedsettingar, der ein er avhengig av hjelp og tenester, «dei skrøpelege eldre». Blant menneske som er eldre enn 90 år, er det berre 5-6% som ikkje har behov for hjelp.

Mange av våre innbyggarar vil truleg kunne nyte livet som «sprek pensjonist» før dei går over i ein fase med dårlegare funksjon og fleire sjukdomar. Denne fasen har ei rekke kjenneteikn som viser auka hjelpebehov:

  • funksjonsfall som kan vise på ein gangtest på fire meter
  • multiple kroniske sjukdomar
  • polyfarmasi
  • auka bruk av legevakt, legetenester og andre helsetenester
  • sosiale tenester
  • demografiske og sosioøkonomiske faktorar

Grismo viser i sin forsking til behovet for å omprioritere ressursane i helsetenestene, og dreie vekk frå å vera reaktive til proaktive. Fokuset bør vera på den einskilde sitt potensiale for betring. Kva kan me gjere for at denne personen skal ha det så godt som mogleg i kvardagen framover? Det er viktig at me endrar fokus frå «kva er i vegen med deg?» til «kva er viktig for deg?»

Grismo viser òg til viktige førebyggande tiltak for god helse for eldre, som har for lite fokus i samfunnet. Til dømes sunt kosthald, god hygiene, sosialt nettverk, rett bruk av medisinar, og fysisk trening.