Plan for pleie og omsorg 2022-2030

3.3 Bu og aktivitetstilbod

3.3.1 Behov i framtida

Statistisk sentralbyrå framskriv at Etne kommune vil ha omlag 100 fleire innbyggarar over 80 år i 2030 og 230 fleire i 2040. Dei fleste av desse mellom 80 og 90 år. Det er grunn til å tru at fleire vil vera friske og ressurssterke lengre enn i dag, men dette fordrar mellom anna god førebygging både ved at kvar og ein av oss tar vare på eiga helse, og at kommunen legg til rette for førebyggande aktivitet.

Dersom innbyggarar og tenester ikkje endrar tankesett allereie i dag, vil det vera behov for fleire institusjonsplassar, heildøgnsbemanna omsorgsbustadar, omsorgsbustadar og tilsette i 2030.

Tabellen under viser framskriving av behov for tenestetilbod til innbyggarar over 80 år, om kommunen skal levere tenester på same nivå i 2030, som i dag.

Tenestetilbod
Tenestetilbod 2022 2025 2030 2040
Privat heim 177 207 247 342
Omsorgsbustad 15 17 21 29
Heildøgnsbemanna omsorgsbustad 15 17 29 37
Institusjon 33 39 46 64

Behovet for tenester som vist i tabellen vil gje utfordringar kommunen ikkje er rusta til å møta, om det ikkje blir planlagt for andre typar tenestetilbod i framtida, enn det som blir ytt i dag.

3.3.2 Privat/eigen bustad

I dag bur om lag 240 innbyggarar over 80 år i eigen, privat bustad. Tilbakemeldingar frå referansegruppa er ei forventing om at dei fleste ønsker å bu heime så lenge som mogleg. Men ein må kjenna seg trygg på å få dei tenestene ein har behov for. Det er eit mål å støtte innbyggarane til å klare seg sjølv så lenge som mogleg, og kommunen sine helse- og omsorgstenester koma med tilbod om tenester når det er behov.

3.3.3 Omsorgsbustadar og heildøgnsbemanna omsorgsbustadar

Tabellen viser ei oversikt over tal omsorgsbustadar kommunen disponerer til sine innbyggarar som har behov for kommunal omsorgsbustad.

Omsorgsbustadar
Type bustad Totalt tal bustadar Kommunen tildeler Kommentar
Gjerdsrabbane burettslag 20 11 I tillegg har kommunen rett å tildela 3 stk.
Etne bustadskiping 21 20 Etne kommune framleigar
Etne omsorgssenter 7 7 «heildøgnsbemanna omsorgsbustad»
Skånevik omsorgssenter 14 12 «heildøgnsbemanna omsorgsbustad»
Tusenfryd bustadskiping 8 0 Per i dag ikkje utleige grunna skade på bygg

Dei siste tre åra har ein leigt ut meir enn 90% av omsorgsbustadane til ei kvar tid, men det har ikkje vore «press» på omsorgsbustadar i Etne.

I Skånevik har ikkje kommunen omsorgsbustadar utan heildøgns bemanning etter at Tusenfryd bustadskiping måtte stenge grunna vasslekkasje. Det har ikkje vore stor etterspurnad på vanleg kommunal omsorgsbustad utan bemanning, men helse- og omsorgstenestene veit at det er innbyggarar som skulle hatt ein meir tilrettelagt bustad i nær tilknyting til tenester. Dette gjeld personar over 80 år som ikkje ønsker, eller kan, kjøpe eller bygge tilrettelagt bustad. 

Per mars 2022 var halvparten av omsorgsbustadane i kommunen busett av innbyggarar over 80 år.
Fleire av dei over 80 år, som flyttar inn i omsorgsbustad, kunne på eit tidlegare tidspunkt ha planlagt eigen alderdom, og tilrettelagt eigen privat bustad eller kjøpt ny bustad nær tenestetilbod. Grunna alder eller livssituasjon, er det fleire som seier dei ikkje orkar å eiga, kjøpa eller legge til rette eigen bustad. Ved å støtte desse personane med å planlegga eigen alderdom tidlegare i livet, kunne dei truleg budd vidare i eigen privat heim, og fått dei helsetenester dei har behov for der. 

3.3.4 Heildøgnsbemanna bustad – såkalla «bemanna bu»

Skånevik omsorgssenter har 12 heildøgnsbemanna bustadar som har vore utleidd omtrent fullstendig, dei siste tre åra. Sjukeheimen vart i 2016 omgjort til bustadar med utgang inn i eit fellesareal som liknar mykje på eit institusjonslokale. Bustadane har eit soverom, bad, ei lita stove og kjøkkenkrok på 1 kvadratmeter med vask, skap m.m. Utforminga av bustadane er ikkje tilrettelagt for at leigetakar skal kunne utføra aktivitetar sjølv, og dermed bevare funksjonane sine. Det er lite kvardagsaktivitet som kan utførast i bustadane, og det er lagt opp til at alle måltid blir inntatt i fellesskap.

Etne omsorgssenter har 7 bustadar som har vore nesten heilt utleidd frå oppstart. Tal omsorgsbustadar vart redusert frå 10 til 7 i 2021, då det var stort behov for å styrke tal institusjonsplassar. Bustadane er som i Skånevik lokalisert i ei avdeling med dør rett ut i fellesareal. 
Det er så og seie same drift som i Skånevik og forventingane til leigetakarane er like.

Dei siste åra har mange av dei som flyttar inn i desse bustadane nokså snart fått eit redusert funksjonsnivå. Leigetakarane verkar å oppleva at dei bur på institusjon og ikkje i leigd bustad. Det er grunn til å tru at den fysiske utforminga av bustadane og stadig bruk av fellesareal, er med på å påverka dette. «Bemanna bu» liknar meir på ein institusjonsavdeling enn det som var tanken. Hjelpebehova har auka og bemanningsfaktoren er nå høgare enn det var planlagt for.

Noko av grunnen for utviklinga er nok også knytt til at det var manglande institusjonsplassar inn mot 2020, og dei leigetakarane som skulle vore flytta til institusjon fekk fortsetta å ha leigeavtale i heildøgnsbemanna bustad for å gje fagleg forsvarlege tenester. Dette auka nok delvis forventingane til både tenesteytarar og leigetakarar om å få kunne bu i bemanna bustad vidare, sjølv om leigetakar var innanfor kriteriet til sjukeheimsplass.

Ein annan utfordring som ikkje var vurdert tilstrekkeleg ved etablering av tilbodet, er at leigetakarane ikkje ønska å flytte på seg når dei fekk behov for eit høgare omsorgsnivå. Det har difor blitt utfordrande for tenesteytarar å avgrense kor mykje hjelp ein skulle gje på dette nivået. Det har ført til auka bemanning.

Tenestene jobbar med dette kontinuerleg, men ser likevel at det kan vera vanskeleg for leigetakarar å forstå at det er ein forskjell på dei tenestene ein får i bemanna bustad og institusjon.

For å kunne møte auka av tal eldre fram mot 2030, er det nødvendig å sjå på denne buforma og utforming av bustadar og tenestetilbod for å styrke dei eldre til å vera i aktivitet lengre. Det vil fortsett vera behov for ei buform som dette, men spesielt den «fysiske» utforminga må endrast for at dei eldre skal halda sitt funksjonsnivå lenger.

3.3.5 Sjukeheim

Frå 2018 har kommunen auka tal institusjonsplassar frå 30 til 33 rom. Dette var tiltak for å kunne ta imot utskrivingsklare pasientar til korttidsopphald. Talet på langtidsplassar er ikkje endra etter 2018. Etter omgjeringa i 2020 har det vore mogleg å ta imot dei fleste utskrivingsklare pasientane, og det har vore ei grei dimensjonering av tenesta.

Fram mot 2030 vil tal eldre over 80 år auke med 100 personar og me veit at det vil vera behov for fleire institusjonsplassar.

3.3.6 Aktivitet og fellesskap

teikneillustrasjon - Klikk for stort bilde

Kommunen har bemanna dagtilbod til innbyggarar med kognitiv svikt eller demens. Det er transportordning for dei som nyttar tilbodet, og tilbodet er lokalisert i Etne omsorgssenter. I tillegg har kommunen eit godt samarbeid med frivilligsentralen som organiserer faste aktivitetar til målgruppa både i Etne og Skånevik. Dette er særs gode tilbod til innbyggarane våre.