Plan for pleie og omsorg 2022-2030

3 Utfordringsbilete, 3.1 Befolkningsframskriving

3 Utfordringsbilete

3.1 Befolkningsframskriving

Statistisk sentralbyrå sine framskrivingar for befolkninga, viser at det totale folketalet i Etne kommune vil vera nokså likt fram mot år 2040. Det vil bli færre i aldersgruppa 0-49 år og betydeleg fleire i aldersgruppa 65+. I utgangspunktet er det positivt at befolkninga blir eldre. Lange og friske liv er teikn på eit høgt velferdsnivå.
Utfordringa er at det blir færre yrkesaktive per pensjonist. Det betyr at det blir færre som arbeidar og betalar skatt i forhold til den delen som blir gamle og har behov for våre helse- og omsorgstenester.
 

3.1.1 Befolkningssamansetting

Bilete av befolkninga i Etne kommune totalt sett, i åra 2022-2050:

Tabell, befolkning i Etne - Klikk for stort bilde


3.1.2 Auka tal eldre

Oversikt over framskriven utvikling av innbyggar over 80 år frå 2021 til 2040 viser ein auke i tal innbyggarar i aldersgruppa 80+ frå 244 personar i 2021, til 341 personar i 2030, og ein ytterlegare auke til 472 personar i 2040.

Framskriven utvikling av innbyggjarar over 80 år frå 2021 til 2040 - Klikk for stort bilde