Plan for pleie og omsorg 2022-2030

4.2 Frå omsorgssenter til bu- og aktivitetssenter

Meir aktivitet i kvardagen til dei eldre innbyggarane våre, fordrar andre formar for bustadar enn det er tilbod om i kommunen i dag.

4.2.1 Skånevik bu- og aktivitetssenter

Bygget Skånevik Omsorgssenter - Klikk for stort bilde

I Skånevik vil ein kunne starte omgjering av bygning og innhald, så det er klart frå 2025. Tusenfryd
bustadskiping skal avviklast, og det er føremålstenleg at kommunen overtar bygget. Bustadane vil vera
tilrettelagt med utgangsdør ut i friluft med «svalgong», og utforminga gjera det enklare med kvardagsaktivitet, enn bustadane i omsorgssenteret gir i dag. Utsikten frå bustadane vil endre seg ved ny utforming, og det vil bli moderne leilegheiter i nær tilknyting til personalbase for heimetenesta, og tilbod om aktivitet og kafé i same bygg.

Dei 8 bustadane i Tusenfryd vil erstatte 2. etasje i den kommunale delen av omsorgssenteret som i dag har 8 bustadar/rom. Denne etasjen vil vurderast for andre føremål ved behov og det vil gje ein fleksibilitet om behova i Skånevik skulle auke fram mot 2040 eller tidlegare.

Nokre menneske vil truleg ha behov for enda tettare oppfølging frå helsepersonell, enn målgruppa for bustadane i Tusenfryd. For dei vil eit bufellesskap inne på omsorgssenteret vera føremålstenleg. 
Her er 6 bustadar som allereie er i bruk, og som vart renovert og omgjort i 2016.

For at leigetakarane og heimebuande skal nytte seg av aktivitet og fellesskapet, vil det vera behov for ei stilling som får i oppgåve å motivera og legga til rette for deltaking og aktivitet.

Det er heimetenesta som skal drifte butilboda.

4.2.2 Etne bu- og aktivitetssenter

I Etne er det også behov for å auke tal bustadar med nærleik til bemanning, og dessutan få til meir aktivitet. Etne har ikkje ein bygningsmasse som er tilrettelagt for dette føremålet, men det gamle omsorgssenteret, evt. tomta, kan nyttast til å få på plass eit tilbod som oppfordrar til fellesskap og aktivitet, heller enn passivitet. Utifrå framskrivingane av tal eldre over 80 år, vil det truleg vera behov for å auke tal bustadar med bemanning, frå 7 i dag, til 15 bustadar i 2030. Bustadane sin plassering i sentrum av Etne, gir kort veg til tenester og servicetilbod. Det er viktig at bustadane er utforma og bygd saman på ein slik måte at det kan bidra til å førebygge einsemd, at bygga er tilrettelagte, har aktivitetstilbod i nærleiken og oppfordrar til kvardagsaktivitet.

Det er føremålstenleg å ha aktivitet- og kafétilbod til heimebuande i kommunen i same bygg, men samstundes nyttig om dei som bur i bustadane må ta på seg ytterjakke for å kome der til. 

For at leigetakarane og heimebuande skal nytte seg av aktivitet og fellesskapet, vil det vera behov for ei stilling som får i oppgåve å motivera og legga til rette for deltaking og aktivitet.

Det er heimetenesta som skal drifte bu-tilbodet.

4.2.3 Transportteneste

Bu- og aktivitetssenterane skal vera bygg fylt med aktivitet og fellesskap, som kan bidra til å førebygge einsemd og andre helseutfordringar. Dei som bur i eigne private bustadar skal òg kunne nytte seg av aktivitet og kafétilbodet i bygget.

Heimebuande har ofte utfordringar med å komme seg til dei ulike tilboda, og plan for leve heile livet har tiltak knytt til transport for eldre.