Plan for pleie og omsorg 2022-2030

4.3 Institusjon

I dag nyttar nesten 13% av dei over 80 år seg av institusjonsopphald både som korttids- og langtidsopphald. Rundt 2030 vil fleire av dei over 80 år ha betre helse, og dessutan ha planlagt sin eigen alderdom i større grad. Derfor er strategien å redusere tal institusjonsplassar i forhold til tal innbyggarar over 80 år.

Det er lagt til grunn ein prosentvis nedgang av institusjonsplassar frå 13% til 12% av innbyggarar over 80 år. Det betyr at tal institusjonsrom må aukast frå 33 til 40 rom, i tidsrommet 2025 til 2030. Dette kan gjerast ved å gjera om dei 7 heildøgnsbemanna bustadane i Etne omsorgssenter til institusjon, frå 2030. Bustadane er planlagt for å kunne nyttast til institusjonsrom, og plasseringa er i omsorgssenteret der det i dag er 33 institusjonsplassar.

I perioden fram til 2030 vil dei 7 bustadane vera ein sentral del av utfallsrommet kommunen har bruk for. Der ein kan variera mellom å nytta lokala til institusjonsplassar eller omsorgsbustadar, etter kva behov ein har. Denne variasjonen vil vera del av ei årleg vurdering i samband med budsjettarbeidet.